MENY

Politisk plattform

Politisk plattform for Fellesutvalget for Palestina

Sist endra landsmøtet 09.02.2019
Fellesutvalget for Palestina (Fup) arbeider i solidaritet med det palestinske folket og støttar deira frigjeringskamp. Fup arbeider for at palestinarane skal få oppfyld menneskerettane sine og at Israel skal rette seg etter folkeretten og avslutte okkupasjonen. Norge og resten av det internasjonale samfunnet har eit ansvar for å legge press på Israel for at dei skal rette seg etter folkeretten og ikkje krenke palestinarane sine menneskerettar. Fup vil løfte palestinarane sin situasjon på den norske dagsorden og spre informasjon om verknadane av den israelske diskrimineringa og undertrykkinga av palestinarar med israelsk statsborgarskap og den israelske militære okkupasjon av Vestbreidda, og Aust-Jerusalem og blokaden av Gaza. Vi vil arbeide politisk i Noreg og i nettverk internasjonalt for å legge press på Israel slik at dei rettar seg etter folkeretten. Fup støttar ei politisk framforhandla rettferdig løysing som sikrar respekt og etterleving av menneskerettane og folkeretten. Vi meiner fredsforhandlingar berre kan skje med utgangspunkt i at Israel rettar seg etter FN-resolusjon 194, som etablerer dei palestinske flyktningane sin rett til å vende attende, FN-resolusjon 262, som ber om attendetrekking av israelske væpna styrkar for dei okkuperte områda, FN-resolusjon 338, som oppfordrar til våpenkvile og fredsforhandlingar mellom partane og FN-resolusjon 2334, som understrekar korleis dei israelske busettingane er i strid med folkeretten. Fup meiner at sameksistens må baserast på rettferd, likestilling og likeverd. Ein føresetnad for at det skal skje er at okkupasjonen må opphøyre, alle israelske militære styrker må trekke seg ut av Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gaza og alle ulovlege israelske busettingar må fjernast. Dei palestinske flyktningane sin rett til retur må respekterast. Apartheidmuren på Vestbreidda må rivast, konfiskert land må leverast attende og alle ofre må betalast kompensasjon. Blokaden av Gaza må hevast og det må umiddelbart settast i gang tiltak for å betre den prekære humanitære situasjonen på Gaza. Den israelske okkupasjonen er det største hinderet for ein levedyktig palestinsk økonomi. Både fordi palestinarane vert hindra i å utvikle industri og handel som kan styrke økonomien deira og fordi den israelske busettingsindustrien ulovleg driv rovdrift på palestinske naturressursar og legg beslag på land, vatn og arbeidskraft. Det er nødvendig at palestinske varer kan fraktast fritt ut og inn av dei palestinske områda og mellom Vestbreidda og Gaza. Fup meiner at boikott, deinvesteringar og sanksjonar (BDS) mot den israelske staten er ei legitim aksjonsform. Alle forsøk på å innskrenke retten til BDS er eit åtak på ytrings- og organisasjonsfridomen. Fup vil aktivt arbeide for deinvesteringar og økonomiske sanksjonar mot den israelske staten og samarbeide med både norske og internasjonale aktørar som bidreg til kampanjen. Fup støttar forbrukarboikott av
israelske varer og meiner norske myndigheiter må innføre eit forbod mot import av israelske busettervarer til Noreg. Noreg har eit ansvar for å ikkje bidra økonomisk til Israel sine folkerettsbrot og må difor trekke ut Oljefondet sine investeringar i israelske statsobligasjonar og ut av selskap som tener på okkupasjonen. Norske myndigheiter må også kome med ei næringslivstilråding som rår ifrå all økonomisk samkvem som støttar opp om busettingsverksemd, brot på folkeretten og krenkingar av menneskerettane i dei okkuperte palestinske områda. Fup meiner det norske våpeneksportregelverket er for svakt når norske våpen eller våpensystem med norske delar hamnar i det israelske militæret. Fup meiner at Noreg må innføre ein våpenembargo av Israel. Fup vil arbeide for politisk endring gjennom å påverke norske aktørar og for at Noreg skal bruke økonomiske og politiske sanksjonar for å legge press på Israel. Gjennom ein solidarisk og konstruktiv norsk politikk kan Noreg bidra til ei framforhandla rettferdig politisk løysing.

Vedtatte uttalelser fra Fellesutvalget for Palestina