MENY

Foto: Tamar Hayardeni

– Anerkjenn Palestina som stat

Landsmøtet i Fellesutvalget for Palestina krev handling frå norske myndigheiter etter at valden aukar på Vestbreidda.

Fråsegn vedteken av landsmøte i Fellesutvalget for Palestina 11. februar 2023

I år er det 75 år sidan staten Israel vart proklamert. Bakgrunnen var FN sin delingsplan frå 1947 for Israel og Palestina som to sjølvstendige statar, med Jerusalem under internasjonalt tilsyn. Men alt frå starten tok Israel kontroll over eit større område enn delingsplanen sa, og i krigane i 1948 og 1967 okkuperte Israel stadig meir palestinsk land og annekterte Aust-Jerusalem. Israel byggjer stadig fleire busetjingar på okkupert jord og trugar med anneksjon av dei okkuperte palestinske områda. Gaza er sidan 2007 under israelsk blokade. Gjennom tiår har Israel på denne måten brote internasjonal rett utan at det får konsekvensar, og håpet om ei varig fredsløysing er fjernare enn nokon gong.

Med den nye israelske regjeringa har situasjonen vorte enda verre, og starten på 2023 har vore svært valdeleg på den okkuperte Vestbreidda. Vegstengingar, militære raid, angrep frå busetjarar, vilkårlege arrestasjonar, tvangsflytting, øydelegging av bustader og drap er nærmast ein del av kvardagen. 146 palestinarar vart drepne i slike aksjonar på Vestbreidda i fjor, og så langt i år er nær 40 palestinarar drepne av israelske soldatar. Denne valden får nesten ikkje omtale i norske media.

Byar som Jenin, Nablus, Hebron og Gamlebyen i Jerusalem har lenge vore beleira og rekna som spesielt utsette. Men dei siste par vekene har også Jeriko, som tidlegare har vore rekna som svært fredeleg, vore beleira. Det har vore skyting frå israelske vaktpostar i og rundt byen, og i to store militærraid 4. og 6. februar vart mange arresterte og såra, hus vart jamna med jorda og fem menn vart drepne. Slike overgrep og kollektiv straff går sjølvsagt hardt ut over alt liv og verksemd. Folk blir svært frustrerte og redde, ikkje minst ungane.

Den fredelege byen Jeriko er sivilisasjonens vogge og dessutan porten ut mot verda for palestinarane. Slike overgrep og kollektiv straff som vi no også ser i Jeriko, avlar berre meir vald. Men partane i denne valdsspiralen er svært ujamne.  Det er berre Israel som har makt til å få slutt på valden ved å avslutte okkupasjonen.

Landsmøtet i Fellesutvalget for Palestina krev at den norske regjeringa

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024