Fråsegn om personvern for Fellesutvalget for Palestina.
Sist oppdatert: 25.06.2018
1. Om nettstaden palestina.no.
Nettstaden www.palestina.no driftast av Fellesutvalget for Palestina (organisasjonsnummer 982 237 009). Målet med nettsida er å gje informasjon om arbeidet Fellesutvalget for Palestina gjer slik det er oppgjeve i vedtektene våre:
Fellesutvalget for Palestina (FuP) ser det som en hovedoppgave å initiere og ha en rådgivende rolle i solidaritetsarbeid blant organisasjoner i Norge som støtter det palestinske folk. Arbeidet skjer bl.a. gjennom å skape kontakt mellom mennesker og organisasjoner som har et engasjement for Palestina i Norge, spredning av kunnskap og informasjon om palestinernes situasjon, gjennom politisk påvirkningsarbeid mot organisasjoner og myndigheter, politiske markeringer og arrangementer. FuP skal i tillegg være en pådriver og støttespiller for medlemsorganisasjonenes solidaritetsarbeid med Palestina.
Fellesutvalget for Palestina si nettside er laga med WordPress av Nettbrygga og er lagra hos den norske leverandøren SYSE AS
Informasjon Fellesutvalget for Palestina samlar inn:
Nettsidene våre samlar inn statistikk om talet på besøkande og kva av våre nettsider som vert besøkt med informasjonskapslar frå Google Analytics. Fellesutvalget for Palestina knyt ikkje desse opplysningane til brukarane som privatpersonar. Du kan skru av informasjonskapslane uten å oppleve problem med sida. Les korleis her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/(ekstern side).
2. Nyheitsbrev:
Du kan registrere deg som nyheitsbrevmottakar på nettsidene våre. Det er berre epostadressa di vi ber om og som vert lagra. Mailchimp registrerer opnings- og lesartal på nyheitsbreva.
Nyheitsbrevet sendast ut omlag 10 gongar i året. Når du melder deg på må du forsikre om at det er du som eig epostadressa du registrerer og at du ønskjer å motta nyheitsbrevet. Som abonnement får du epost frå Fellesutvalget for Palestina med nyhende, presseklipp og anna informasjon. Du kan alltid sjølv når som helst av-registrere deg og stoppe abonnementet.
Nyheitsbrevlistene ligg lagra hos Mailchimp. Det er berre tilsette eller styremedlemmer i Fellesutvalget for Palestina som har tilgang til nyheitsbrevlistene og epostadressa di vert ikkje delt med andre.
3. Individuelt medlemskap
Ønskjer du å støtte Fellesutvalget for Palestina som privatperson kan du verte støttemedlem og gje eit gåvebeløp til organisasjonen ein eller fleire gongar i løpet av året.
Det som står om individuelle medlemmer i vedtektene våre er det følgande:
§ 3.2: Individuelt medlemskap: Fellesutvalget for Palestina har individuelt støttemedlemskap. Individuelle medlemmer har møte- og talerett på landsmøter. Kontingenten bestemmes av AU.
Dersom du tek kontakt med oss og vil gje eit støttebeløp, lagrar vi epostadresse og namn slik at vi har høve til å nå deg og kalle inn til landsmøtet. Det er berre leiar i organisasjonen som har tilgong på denne informasjonen.