MENY

Foto: Palestine Solidarity Project

Noreg må fordømme Israel sin valdsbruk mot palestinske demonstrantar

Fellesutvalget for Palestina krev at norske myndigheiter fordømmer dei israelske åtaka og målretta drapa på palestinske demonstrantar på Gaza-stripa.

Fråsegn vedteken av representantskapet i Fellesutvalget for Palestina, torsdag 12. april. 

Israelske soldatar har dei siste vekene hatt ordre om å skyte og drepe palestinske fredlege demonstrantar som deltek i den store returmarsjen. Demonstrantane markerer at det 15. mai er 70 år sidan Israel vart oppretta og 750 000 palestinarar vart jaga på flukt.  1,3 millionar av dei kring 2 millionar innbyggerane i Gaza er palestinske flyktningar. Gjennom å marsjere mot den strengt bevokta og stengde grensa til Israel kvar fredag fram til 15. mai ønsker dei å syne at dei framleis ikkje har fått retten til retur oppfyld.

Israel har gått til målretta åtak på demonstrantane og skote og drepe 30 av dei. Også ein journalist med tydeleg merka presse-vest har vorte drepen. Tusenvis er vorte skadde. Videoopptak syner at demonstrantane verken utgjorde ein trugsel mot soldatane som skaut dei eller mot den israelske grensa. Drapsmenna er vorte berømma frå øvste politiske hald i Israel. Den israelske forsvarsministeren Avigdor Lieberman har uttala at det ”ikkje finst uskuldige mennesker på Gazastripa” og forsvarar den overdrevne og brutale maktbruken frå det israelske militæret mot ubevæpna palestinske demonstrantar med at det er Israel sin rett til å forsvare seg sjølv. Å målretta skyte og drepe fredlege demonstrantar som protesterer mot okkupasjon og folkerettsbrot er ikkje sjølvforsvar. Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) vil no sjå nærare på om framferda til det israelske militæret utgjer krigsforbrytingar. FN sin generalsekretær Antonio Guterres krever gransking av det som er skjedd.  Frå offisielt norsk hald har det kome lite reaksjonar på det som har skjedd. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har uttala at ”det er uakseptabelt å skyte med skarpt mot de som demonstrerer mot okkupasjon og å bringe sivile i fare i konfliktsituasjoner”. Det er godt at utanriksministeren erkjenner at Israel ikkje handlar i sjølvforsvar, men ho vil likevel ikkje fordømme Israel sine åtak på ubevæpna demonstrantar.

Fellesutvalget for Palestina krev at:

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024