MENY

Foto: Synne Dahl

Tre nye medlemsorganisasjonar i Fellesutvalget for Palestina

11. februar hadde Fellesutvalget landsmøte. Då kom det tre nye medlemmer til. Landsmøtet krev at Noreg anerkjenner Palestina og innfører lovforbud mot busettervarer.

11. februar hadde Fellesutvalget for Palestina landsmøte i Oslo. Tilstade var det representantar frå 20 av dei då 31 medlemsorganisasjonanen våre. Det kom og tre nye medlemsorganisasjonar til.

Senterungdommen, PIM – Kampanjen palestinske barn i israelske militære fengsler og Skolenes Landsforbund Oslo fylkeslag hadde søkt, og fekk, opptak som nye medlemsorganisasjonar i Fellesutvalget for Palestina. Det gjer at talet på medlemsorganisasjonar i Fellesutvalget for Palestina no er 33. Oslo Senterungdom går no ut som sjølvstendig medlemsorganisasjon sidan Senterungdommen sentralt er vorte medlem.

På møtet vart det vedteke ein ny politisk plattform for organisasjonen, den kan du lese her. Det vart og gjort mindre endringar i vedtektene. Dei oppdaterte vedtektene ligg her.

I lys av den auka israelske valdsbruken på Vestbreidda, vart det vedteke ei fråsegn om at norske myndigheiter må reagere sterkare på dei mange drapa på sivile palestinarar. Fellesutvalget for Palestina krever difor at Noreg anerkjenner Palestina som stat, at Noreg innfører eit lovforbud mot handel med varer og tenester frå selskap som medverkar til brot på folkeretten og menneskerettane og at Noreg på anna vis kjem med klare krav til Israel om å avslutte okkupasjon, vald og diskriminering av det palestinske folket. Heile fråsegna les du her.

Det vart på møtet og vald nytt styre i organisasjonen. Kirsti Næss (Palestinakomiteen) held fram som styreleiar, Aksel Hagen (SV) vil den kommande perioden vere nestleiar og Kjell Næss (Norsk Jernbaneforbund) vil vere økonomiansvarleg. Utover det består styret no av Agnete Masternes Hanssen (AUF), Aurora Nome (Norges kristelige studenforbund), Håvard Skjerdal (KFUK-KFUM Global) og Alida Johanne Domaas (Industri Energi).

Relaterte saker

Statsbudsjettet 2025: FuPs høringsinnspill
21.10.2024

Oljefondet må ut av selskaper som støtter opp om den israelske okkupasjon
02.10.2024

1. mai for Palestina
05.05.2024