MENY

Foto: Ahmed Abu Hameeda

Ta eit lokalt val for Palestina

Du kan gjere ein skilnad for Palestina – også i kommune- og fylkestingsvalet.

Det spelar ei rolle for Palestina-saka kven som styrer norske kommunar og fylkeskommunar. Fleire kommunar og fylkeskommunar har no gjort vedtak om at dei ikkje vil handle inn varer og tenester som er produsert i strid med folkeretten i israelske busettingar på okkupert palestinsk jord. Dette er for å sikre at dei som innkjøparar ikkje vert medverkande til dei folkerettsbrota og menneskerettskrenkingane busettingane fører med seg.

Trondheim, Tromsø, Lillehammer, Hamar, Vaksdal og Nordland fylkesting har alt gjort slike vedtak lokalt. No kan du bruke lokalvalet til å oppfordre kandidatane lokalt hos deg til å gjere det same.

Her er spørsmål du kan stille politikarane i kommunen din for å høyre kor dei står i spørsmål om internasjonal solidaritet og menneskerettar.

  1. Vil du jobbe for at partiet ditt fremmar forslag om at kommunen vedtek forbod mot kjøp av varer og tenester produsert i israelske busettingar på okkupert palestinsk jord?
  2. Om andre fremmar eit slikt forslag, vil du jobbe for at partiet ditt støttar det?
  3. Vil du og partiet ditt jobbe for at kommunen stiller krav om at alle ledd i leverandørkjeden garanterer at det ikkje bidreg til brot på folkeretten?
  4. Vil du jobbe for at partiet ditt krev at Statens pensjonsfond utland (ofte kalla Oljefondet) trekk investeringar frå selskap som tener på folkerettsstridige busettingar på okkupert palestinsk jord?
  5. Meiner du og partiet ditt at palestinarane si oppfordring til boikott, deinvesteringar og sanksjonar av Israel (BDS) er eit legitimt verkemiddel å bruke overfor Israel for å få slutt på okkupasjon og folkerettsbrot?

Lurer du på kva partia nasjonalt meiner om ulike tema knytt til Israel og Palestina kan du sjå på denne oversikta frå stortingsvalet i 2017. 

At norske kommunar syner veg i kampen mot folkerettsbrot har historiske tradisjonar i Noreg. I kampen mot apartheidregimet i Sør-Afrika vart boikott eit viktig verkemiddel. I Noreg vart denne kampen leia av solidaritetsrørsla, fagrørsla og kyrkja, noko som mellom anna førte til at norske kommunar vart bedt om å ta eit standpunkt. Før Stortinget fatta eit einaste boikottvedtak hadde fleirtalet av norske kommunar oppfordra til boikott.

Palestinakomiteen har laga ei oversikt over typiske israelske varer som vert seld i Noreg. Alle desse varene vert ikkje produsert i dei folkerettsstridige busettingane, men mange av dei vert enten produsert eller pakka der eller laga av råvarer henta ulovleg ut frå okkuperte områder. Dei norske grønt- og fruktimportørane Bama og Coop seier dei har avtalar med israelske produsentar om at varene dei får ikkje er produsert i busettingar, men dei handlar uansett med selskap som har store deler av verksemda si i busettingar. Det er og dokumentert at fleire av selskapa som norske importørar handlar frå feilmerkar varene sine for å gje inntrykk av at varer produsert eller pakka i busettingar stammar frå Israel.

Relaterte saker

Privat: Innspill til partiprogrammene
23.04.2024

Krasnik tar feil om Fellesutvalget
17.04.2024

Innspillsmøte med Sosialistisk Venstreparti
11.04.2024