MENY

Foto: Kirsti Næss

Regjeringa må sanksjonere Israel

Fellesutvalget for Palestina meiner den nye regjeringsplattformen syner kor ubalansert regjeringa er og ber om sanksjonar mot Israel.

Vedteken av årsmøtet i Fellesutvalget for Palestina 9. februar 2019. 

Israel drap 55 palestinske born i fjor, ifølge ein ny rapport frå den israelske menneskerettsorganisasjonen Bt´selem. Dette er landet den nye regjeringa vår vil knyte endå sterkare band til. I Granavolden-erklæringa er nemlig Israel det einaste landet som spesifikt er trekt fram som ein viktig samarbeidspartnar i utanrikspolitikken. Det står at regjeringa vil «legge til rette for styrket forsknings- og utviklingssamarbeid, handel, turisme og kulturutveksling med Israel». Samtidig står det i erklæringa at regjeringa vil «samarbeide med andre land for å gjennomføre økonomiske og politiske sanksjoner ved alvorlige og vedvarende brudd på folkeretten.» Då burde Israel vere eitt av landa høgst på lista gitt deira systematiske og grove brot på folkeretten og krenkingar av palestinarane sine menneskerettar.

Likevel svara utanriksminister Ine M. Eriksen Søreide då ho fekk skriftleg spørsmål frå Bjørnar Moxnes før jul om kvifor Noreg ikkje nyttar slike sanksjonar mot Israel: «Regjeringen er imot sanksjoner og boikott av Israel. Dialog, samarbeid og tillitsbygging er bedre egnet for å løse konflikter.» Den nye regjeringsplattforma gjentek dette, samtidig som den seier at å arbeide for sivile og politiske menneskerettar er ein særleg prioritet for regjeringa.

Noreg gjev Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, eller det som i plattformen vert kalla ei «balansert holdning til Midtøsten-konflikten».  Dei meiner også at palestinarane ikkje skal ha høve til å boikotte staten som militært okkuperer dei på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem og som held dei under ein kvelande blokade på Gaza. Heller insinuerer plattformen at kritikk av Israel er hatefulle ytringar og i verste fall antisemittisme. Dette er ein påstand som er med å delegitimere palestinsk kamp for menneskerettar og folkeretten og som gjer det endå vanskelegare å slost mot faktisk antisemittisme.

Fellesutvalget for Palestina krev at regjeringa:

Relaterte saker

Oljefondet må ut av selskaper som støtter opp om den israelske okkupasjon
02.10.2024

1. mai for Palestina
05.05.2024

Ny daglig leder
14.03.2024