MENY

Foto: Kirsti Næss

Jerusalem er ikkje hovudstad i Israel

Amerikanske myndigheiter varslar at president Donald Trump vil anerkjenne Jerusalem som Israel sin hovudstad. Det fordømmer Fellesutvalget for Palestina på det sterkaste.

Pressemelding sendt ut 6. desember 2017. 

– Dette er i strid med folkeretten og i strid med den internasjonale linja som Noreg og andre land har haldt i alle år. Når USA og Donald Trump no gjer dette er det eit grovt overgrep på palestinarane sin rett til sjølvstyre og eit hån mot alle tidlegare fredsprosessar. Det er å stille seg bak Israel og seie at den systematiske og brutale militærokkupasjonen dei har drive med i over 50 år er greit, seier Tora Systad Tyssen, leiar i Fellesutvalget for Palestina, om meldinga frå amerikanske myndigheiter om at president Donald Trump vil anerkjenne Jerusalem som Israel sin hovudstad.

Veik norsk haldning

Den norske utanriksministeren Ine Eriksen Søreide sa tysdag 5. desember i eit intervju med NRK at ei slik anerkjenning ”kan bidra til å gjere fredsprosessen vanskelegare”. Ein så svak ordlyd frå den norske utanriksministeren er veldig skuffande, meiner Fellesutvalget for Palestina.

-Ei slik anerkjenning bidreg ikkje til å gjere fredsprosessen vanskelegare, den legg den død. Då bør den norske utanriksministeren gje ein klarare beskjed om at dette går heilt på tvers av den norske politikken, seier Tyssen.

Sett i lys av at Noreg sidan Oslo-avtalen i 1993 har vore leiande i arbeidet med å få til ei tostatsløysing, både gjennom å tilrettelegge for forhandlingar og gjennom å leie den internasjonale gjevarlandsgruppa for Palestina, AHLC, burde ein kunne forvente ei sterkare fordømming frå norske myndigheiter.

– At Noreg ikkje reagerer sterkare på at deira innsats gjennom 24 år vert så overkøyrd av amerikanske myndigheiter er overraskande. I henhald til Oslo-avtalen skal Jerusalem sin status verte avgjort gjennom forhandlingar. Når USA no gjer dette er det å stille seg bak ei militær okkupasjonsmakt og å belønne dei for det 50 år med okkupasjon har ført til av folkerettsbrot, menneskerettskrenkingar, folkerettsstridig busettingsverksemd og maktbruk, seier Tyssen.

Del av plan om å fordrive palestinarane

Israel har ein uttalt strategi om å drive palestinarane ut av Jerusalem. Gjennom å ta frå palestinarar opphaldsløyve, husøydeleggingar av palestinske hus, utviding av busettingar i Aust-Jerusalem og andre overgrep som gjer livet for palestinarane stadig vanskelegare, er målet å endre den demografiske samansetninga i byen. Ei slik anerkjenning vil gjere dette arbeidet endå enklare. Dette har Fellesutvalget for Palestina tidlegare kritisert. 

Det kvite hus har uttalt at ei slik anerkjenning ikkje betyr at president Trump tek stilling til kva status Jerusalem skal ha i ein framtidig fredsavtale mellom israelerane og palestinarane.

– At dei kan uttale noko slikt om ein okkupasjon kor alt handlar om å skape fakta på bakken syner ei respektlaus haldning til palestinarane sin rett til sjølvstyre. Det er ein israelsk strategi å ta kontroll over så mykje land som mogleg og å halde på det. Dersom dei får anerkjend Jerusalem som sin hovedstad no av amerikanske myndigheiter, kjem dei aldri til å gå med på å måtte forhandle om dette i framtida.

Særleg urovekkande ser Fellesutvalget for Palestina denne utviklinga i samanheng med planane den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har om å annektere 19 folkerettsstridige busettingar kring Jerusalem og gjere dei til ein del av Jerusalem. 

– I realiteten gjev USA no Israel grønt lys til å annektere busettingar og gjere dei til ein del av Israel, heilt utan å forhalde seg til folkeretten, internasjonalt diplomati og menneskerettane. Dette er ein trist dag, seier Tyssen.

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024