MENY

Foto: Kirsti Næss

Israel fordriv palestinarar frå Jerusalem

Fellesutvalget for Palestina meiner at Israel fører ein medviten og uttalt politikk for å presse palestinarar ut av Jerusalem.

Fråsegn frå Fellesutvalget for Palestina, vedteken på representantskapsmøte 24. august 2017.

Israel har i det siste prøvd å ta sterkare kontroll over palestinarar sin tilgong til heilagdomane Klippemoskeen og al-Aqsa på Haram ash-Sharif i gamlebyen i Jerusalem. Gjennom å sette opp metalldektorar og nekte tilgang til menn under 50 år og journalistar seier israelske myndigheiter at dei arbeider for å auke tryggleiken i området. Gjennom fredeleg protest greidde palestinske kristne og muslimar saman å presse israelske myndigheiter til å fjerne metalldetektorane. Dette var ein viktig siger for den palestinske motstandskampen. Såkalla tryggingstiltak frå israelske myndigheiter er ofte berre første steg på veg mot større innskrenkingar av palestinsk rørsle- og ytringsfridom.

Tiltaka kring Haram ash-Sharif er berre ein del av den uttalte israelske politikken for å drive palestinarane vekk frå Aust-Jerusalem for å skaffe jødisk-israelsk majoritet i byen. Ein ny rapport frå Human Rights Watch syner at 14 595 palestinarar har vorte fråteke opphaldsløyvet sitt i Jerusalem sidan 1967. Dette er palestinarar som er føydde og oppvaksne i byen. Før har dette vorte rettferdiggjort av at palestinarane ikkje har Jerusalem som ”sentrum for livet sitt”, om dei til dømes har studert i utlandet eller gifta seg med ein palestinar frå Vestbreidda. Dei siste åra er det stadig oftare skulding om kriminelle handlingar som vert nytta som grunngjeving for å fråta nokon opphaldsløyvet. Ofte er denne såkalla kriminaliteten enten legitim motstandskamp eller udokumenterte skuldingar om brotsverk. Familiemedlemmer og slektningar av palestinarar mistenkt for såkalla kriminalitet vert og fråteke opphaldsløyvet som del av ei kollektiv straff. Dette diskriminerande systemet gjer at stadig fleire palestinarar vert fordrivne med tvang frå heimbyen. Det er eit alvorleg brot på folkeretten.

Og husøydeleggingar vert nytta som instrument for kollektiv straff. Sidan Israel okkuperte Aust-Jerusalem for over femti år sidan har 48 743 bygningar og strukturar tilhøyrande palestinarar vorte rivne og øydelagd av det israelske militæret, ifølge tal frå FN sitt Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA). Berre så langt i 2017 har 247 husstrukturar vorte rivne og 414 palestinarar har mista heimane sine, fleire gongar med grunngjeving i at eitt av familiemedlemmane i husa er skulda for såkalla kriminelle handlingar. Dei stadige husøydeleggingane gjev rom for ekspansjon av dei folkerettsstridige israelske busettingane i Aust-Jerusalem og er med å tvinge palestinarane ut av byen.

Aust-Jerusalem er den framtidige hovudstaden i eit fritt Palestina. Norske myndigheiter bør legge press på Israel for å avslutte den medvitne og uttalte politikken med å drive palestinarane ut frå byen.

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024