MENY

Foto: Illustrasjon: Julia Rahlff

Vil du vere leiar i Fellesutvalget for Palestina på OD-dagen?

1. november er det tid for Operasjon Dagsverk og vi i Fellesutvalget for Palestina lyser ut stilling som leiar i organisasjonen for ein dag.

Årets Operasjon Dagsverk-aksjon går til KFUK-KFUM Global sine prosjekt i Palestina. Born og unge vaksne i Palestina må kvar dag betale prisen for ei konflikt dei ikkje var med å starte. Dei er lei av å leve under okkupasjon og undertrykking og leie av å høyre at det ikkje finst noko løysing på problemet. Difor går årets Operasjon Dagsverk til tiltak for psykisk helse, mot undertrykking og til opplæring for palestinske ungdommar i korleis dei kan bruke demokratiske og ikkje-valdelege verkemiddel til å slost for rettane sine. Les meir om årets OD-prosjekt her. 

Vi i Fellesutvalget for Palestina vil gjerne vere med å støtte årets Operasjon Dagsverk-aksjon og lyser difor ut stilling som leiar i organisasjonen på OD-dagen 1. november til ein skuleelev frå ungdomsskule eller vidaregåande.

Fellesutvalget for Palestina er ein paraplyorganisasjon for 28 norske politiske parti, fagforeningar og sivilsamfunnsorganisasjonar som har ein solidaritet med Palestina. Vi jobbar i solidaritet med det palestinske folket for ein rettferdig fred i Palestina og Israel kor alle har like rettar og moglegheiter.

Som leiar i organisasjonen for ein dag vil arbeidsoppgåvene innebere:
– Politiske møter.
– Arbeid med sosiale media og nettsider.
– Planlegging av kampanje.

Det er ikkje noko krav at du har erfaring med organisasjonsarbeid eller forkunnskapar om Palestina, berre at du er interessert. Er du det, så send ein epost til tora@palestina.no innan 8. oktober.

 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024