MENY

Vi treng betre etisk rammeverk for Oljefondet

Regjeringa seier dei vil sjå på det etiske regelverket for Oljefondet. Fellesutvalget meiner ein må skjerpe reglane og trekke seg ut av selskap som tener på den israelske okkupasjonen.

Høyringsinnspel frå Fellesutvalget for Palestina til Oljefondsmeldinga for 2018.

Sjå høyringa på Stortinget sine nettsider her. 

Fellesutvalget for Palestina ønskjer den varsla gjennomgangen av dei etiske retningslinene til Statens penjonsfond Utland (SPU) velkommen. Dette gjev eit høve til å evaluere eksisterande rammeverk og prioritere framover slik at ein sikrar ei konsistent, bærekraftig og ansvarleg forvaltning av SPU.

Ein må ta innover seg at internasjonale standardar for bærekraftig forvaltning utviklar seg og at den aukande storleiken på fondet gjer at ansvaret SPU har som ein tonegivande aktør innan aktivt eigarskapsarbeid aukar. Vi håpar Stortinget vil nytte dette høvet til å syne at ein har ei klar forventing om at dei retningslinene Etikkrådet har sikrar faktisk etterleving av OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap og FN sine retningsliner for næringsliv og menneskerettar.

Dette handlar ikkje berre om å ikkje investere i selskap som bryt dei etiske retningslinene til SPU. Det handlar om å sikre at SPU som investor ikkje bidreg til eller er linka til grove og systematiske krenkingar av menneskretttane. Om SPU skal kunne kalle seg ein ansvarleg investor må det vere eit minstekrav.

Vi vil oppfordre Stortinget om å gjennom årets handsaming av Oljefondsmeldinga kome med klare signal til utvalget om viktige prioriteringar:

  1. INTERNASJONALE STANDARAR: Evaluerte etiske retningsliner for SPU bør inkorpore FN sine retningsliner for næringsliv og menneskerettar.
  2. VERKEMIDDEL: Det skal vere ein høg terskel for å utestenge selskap. Likevel meiner vi praktiseringa av dagens regelverk med ein svært restriktiv bruk at utestenging av selskap ikkje er godt nok rusta til å sikre at ein ikkje bidreg til grove krenkingar av menneskerettar. Aktivt eigarskapsarbeid vil i somme høve kunne ivareta fondet sine etiske forpliktingar, medan utestenging i mange høve bør vere einaste alternativ. Den nye rapporten «Investor Obligations in Occupied Territories», publisert av Norsk Folkehjelp og Fagforbundet, syner at i nokon høve er SPU og andre investorar ikkje i stand til å påverke tilstrekkeleg til å forhindre grove og systematiske krenkingar av menneskerettane frå eit selskap. Då bør ein trekke seg ut umiddelbart. Eit eksempel er investeringar i israelske bankar som grunna israelsk lov ikkje har høve til å late vere å finansiere israelske folkerettsstridige busettingar på okkupert jord. Då vil ikkje aktivt eigarskapsarbeid kunne hindre at SPU bidreg eller iallfall er linka til dei menneskerettskrenkingane busettingane bidreg til.Fordi ein kvart år evaluerer om grunnlaget for utestenging av eit selskap framleis er tilstade finst det mekanismar som sikrar at ein igjen kan investere i eit selskap dersom dei ikkje lenger opererer i strid med SPU sine etiske retningsliner.
  3. STATSOBLIGASJONAR: Det vert rekna som eit objektivt kriterium at ein ikkje investerer i rentebærande instrument frå statar som er gjenstand for omfattande FN-sanksjonar eller andre internasjonale tiltak av særleg stort omfang. Når det no skal evaluerast om det bør gjerast endringar i dette statsobligasjonsunntaket bør det opprettast etiske retningsliner for investeringar i statsobligasjonar. Dette utgjer ein stor del av SPU sin portefølje og ein bør sikre at ein ikkje kjøper obligasjonar i land som driv dokumenterte menneskerettskrenkingar. Noreg har eit ansvar for å sikre at ein ikkje bidreg til menneskerettskrenkingar og folkerettsbrot gjennom sine investeringar eller til oppbygging av illegitim gjeld. Dette gjeld sjølvsagt og investeringar i statsobligasjonar.
  4. OPENHEIT: Evalueringa skal sjå på effekten av ulike verkemiddel, då bør og openheit kring det aktive eigarskapet trekkast inn. Det er dei siste åra vorte meir openheit og rapportering kring dette, noko som er positivt. Likevel seier SPU si eiga rapportering lite om i kva grad eigarskapsarbeidet og bruken av forventningsdokument fører til faktisk endra åtferd hos selskap og om kva verkemiddel som vert tatt i bruk mot selskap som ikkje endrar åtferd.

Det må vere openheit kring kva tema som vert tekne opp i selskapsdialog og kring kva verkemiddel NBIM nyttar i sitt ansvarlege eigarskapsarbeid.

Det bør og vere openheit i evalueringsprosessen og utvalget bør i arbeidet sitt sikre at innspel frå sivilsamfunn og fagmiljø vert teke med i evalueringa.

Les og: EL og IT Forbundet meiner Oljefondet må respektere folkeretten.

Relaterte saker

Ikke la Israel utnytte Eurovision til hvitvasking
05.03.2019

Å påpeike at Israel bryt folkeretten er ikkje demonisering
01.03.2019

Regjeringa lønner Israel for folkerettsbrot
01.03.2019