Vi søker prosjektmedarbeider

Er du interessert i Palestina og menneskerettar og vil arbeide for Fellesutvalget for Palestina i haust? Vi har ledig stilling ute no. NB! Kort søknadsfrist.

Foto: Ahmed Abu Hameeda

Fellesutvalget for Palestina (FuP) er ein paraplyorganisasjon for norske organisasjonar som støtter palestinerane si sak, og har for tida 31 medlemsorganisasjonar
FuP driv informasjonsarbeid og politisk påvirkningsarbeid for å spre engasjement og kunnskap til enkeltpersonar, organisasjonar, opinionen og styresmaktene i Norge om det palestinske folket sin situasjon under okkupasjon og deira rettar etter folkeretten.

 

No er vi på jakt etter ein prosjektmedarbeider til eit engasjement hausten 2022.

 

Prosjektmedarbeideren skal i hovedsak jobbe med to ting:

1. Å arrangere årets Palestinakonferanse og andre opne møter
2. Kommunikasjons- og kampanjearbeid knytt til nettsider, sosiale media og andre informasjonskanalar

Nokre andre arbeidsoppgåver vil kunne bli lagt til stillinga.

 

Vi ser etter nokon som:

  • Har kunnskap om Palestina og norsk politikk, og interesse for folkerett og menneskerettar
  • Har erfaring med å arrangere møter og seminar
  • Har digitale ferdigheter, herunder bruk av sosiale medier og gjerne grafisk design
  • Har bakgrunn frå organisasjonsarbeid og/eller kampanjearbeid
  • Er strukturert, sjølvstendig og som kan ta ansvar for eigne oppgåver
  • Er god til å kommunisere, både skriftleg og munnleg.

Om du ikkje har alt vi etterspør kan du likevel vere aktuell for stillinga.

 

Vi kan tilby:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Hyggeleg arbeidsmiljø sentralt i Oslo
  • 50 % stilling i elleve veker. Det kan og vere aktuelt med ei heiltidsstilling i ein kortare periode
  • Fleksible arbeidsdagar, dersom du til dømes er student vil vi tilrettelegge for at stillinga kan kombinerast med obligatorisk undervisning
  • Lønn etter avtale

Send ein kort søknad og CV til fup@palestina.no seinast måndag 27. juni. 

Søknadar vert vurdert fortløpande.

Dersom du har spørsmål ring dagleg leiar Tora Systad Tyssen på 47 33 44 43.

Relaterte saker