MENY

Foto: Kirsti Næss

Turisme som pressmiddel i Jerusalem

Israel brukar turisme for å drive palestinarane ut av Jerusalem. Korleis dette skjer er tema for frukostmøtet vi arrangerer 19. september.

Israel prøver å drive palestinarane ut av Jerusalem ved å gjere levevilkåra deira stadig vanskelegare. Israelske busettingar i Aust-Jerusalem ekspanderer. 195 palestinarar har fått heimane sine øydelagd av det israelske militæret sålangt i 2019 og kvart år vert mange titals palestinarar fråtekne opphaldsløyvet sitt i byen.

Eit verkemiddel som ikkje vert nemnd så ofte er TURISME.

Dette vert tema når vi saman med Fagforbundet og Norsk Folkehjelp inviterer til frukostmøte torsdag 19. september klokka 08 hos Norsk Folkehjelp, Stortorvet 10. 

Her er arrangementet på Facebook. 

Fleire enn 2,6 millionar turistar besøkte Jerusalem i 2016. Berre 20 % av dei budde på hotell i den austlege delen av byen. Politisk gjer dette at turistane ikkje vert kjend med det palestinske narrativet. Dei verken ser eller høyrer om okkupasjonen eller om den israelske fordrivingspolitikken mot palestinarane i Jerusalem. Økonomisk gjer dette at turistane ikkje legg att pengar i palestinske forretningar i byen. Slik støttar – gjerne uvitande – den israelske planen om å kvele palestinsk økonomi i byen.

Korleis dette skjer dokumenterer grasrotorganisasjonen Grassroots Al-Quds i deira nye oppdaterte reiseguide Wujood (les meir lengre nede).

Vi har invitert Fayrouz Sharqawi frå Grassroots al-Quds til å fortelle om den politiske realiteten for palestinarar som bur i Jerusalem og om korleis Israel brukar turisme for å prøve å fjerne det palestinske narrativet om byen.

Arrangementet er på engelsk. Alle er hjarteleg velkomne, men vi ber om påmelding i forkant. Trykk her.

 

 

OM WUJOOD:
Den politiske reiseguiden Wujoud syner eit anna Jerusalem. Boka fortel turistar kor dei kan reise og kva dei kan sjå i Aust-Jerusalem. Den har praktisk informasjon om kor ein kan bu, ete og handle i byen. Samtidig gir reiseguiden den politiske og historiske konteksten i Jerusalem fortald frå paletinsk hald.

Wujoud fortel den historien som okkupasjonsmakta ikkje vil at besøkande skal verte kjend med. Dette er ikkje berre historia om den aggressive og systematisk etniske rensinga av palestinarar. Det er historia om ein del av byen som har mykje å tilby besøkande: kulturarv, vakker natur, nydleg mat, gjestfrie familiar, inspirerande grasrotinitiativ og mykje meir.

Wujood fortel og om kor du burde reise andre stadar i Israel og Palestina frå Akka (Acre) i nord til Negev-ørkenen i sør, frå Jeriko i aust til Jaffa i vest. Alle desse stadane fortel den same historia om tvungen fordriving av palestinsk historie, kultur og økonomi.

Arrangørar: Fagforbundet, Norsk Folkehjelp og Fellesutvalget for Palestina.

Relaterte saker

Søndag 28.4 kl 14 utenfor Stortinget
20.04.2024

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023

Faner for fred
24.11.2023