MENY

Foto: Ahmed Abu Hameeda

Stans sal av våpen til Israel

Ifølge eksportmeldinga for 2017 har Noreg avslått søknad om eksportløyve til Israel. Likevel hamnar norske våpen i det israelske militæret. Vi ber om strengare norsk lovgjeving.

Høyringsinnspel til Meld. St. 19 (2017- 2018): Eksport av forsvarsmateriell frå Norge i 2017, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingsarbeid

Fellesutvalget for Palestina, ein paraplyorganiasjon for 28 norske fagforeningar, sivilsamfunnsorganiasjonar og politiske parti, takkar for høvet til å kome med innspel. Vi er glade for at Utanriksdepartementet har kome med årets våpeneksportmelding tidlegare enn tidlegare år.

Det står oppgitt i meldinga at Israel er eitt av 25 land det er avslått eksportlisens på A-materiell til. Det er positivt sidan dei omfattande brota på palestinske menneskerettar og folkeretten som det israelske militæret står bak er veldokumentert. Likevel sel Noreg B-materiell direkte til Israel og via norskeigde fabrikkar i utlandet, samt gjennom at norskproduserte våpenkomponentar vert del av våpen som andre land eksporterer til Israel. Dette syner at intensjonen i norsk regelverk for eksport av forsvarsmateriell om at ein ikkje tillet sal av strategiske varer til land kor myndigheitene begår alvorlege menneskerettsbrot, ikkje vert etterlevd. Dette syner at det er nødvendig med ei ytterlegare innstramming av tolkning av regelverket for norsk våpeneksport og at tolkinga av EU sitt kriterium 2 vert endra slik at menneskerettssituasjonen i eit mottakarland gjev grunnlag for avslag på lisenssøknadar.

Meldinga tek opp utfordringane som kjem av at våpensystem og produkt vert produsert i samarbeid mellom produsentar i ulke land. Svaret på det meiner vi må vere at norske myndigheiter krev at norskproduserte våpen og komponentar vert selde med sluttbrukarerklæring slik at ein kan hindre at andre land sel norskproduserte våpen vidare til land som Noreg har eksportforbud til. Ein må og kreve at det til ei kvar tid strengaste regelverket i produksjonslanda vert nytta for å vurdere kor og til kven våpen kan eksporterast. Berre slik kan ein sikre etterleving av intensjonen i norsk regelverk for eksport av forsvarsmateriell om at ein ikkje tillet sal av strategiske varer til land kor myndigheitene begår alvorlege menneskerettsbrot.

Meldinga seier at artikkel 6 og 7 i Arms Trade Treaty (ATT) vert sikra gjennom eksisterande
ordning med konsolidert liste i Utanriksdepartementet sine retningsliner. Likefullt vil vi oppfordre til at ein inkluderer ATT i nasjonal lovgjevnad. Dette er med å syne forplikting overfor ATT og kan ha ei viktig signaleffekt overfor andre land med eit svakare embedsverk enn i Noreg.

Fellesutvalget for Palestina oppfordrar komiteen om å be regjeringa om å:

Sjå vårt og andre organisasjonar sine innlegg på Stortinget sitt nett-TV. 

Relaterte saker

Hva ønsker ny daglig leder seg av 2025?
19.12.2024

Lørdag 14.12: Stans okkupasjonen – Våpenhvile nå!
13.12.2024

Nei til norske våpen og våpendeler i Gaza
26.06.2024