MENY

– Smertegrensa er nådd

Den norske politikken overfor Palestina må endrast, hevda Fellesutvalget for Palestina på Ulandsseminaret.

I byrjinga av januar tok Fellesutvalget for Palestina, ved leiar Anna Lund Bjørnsen, til orde for at Noreg burde seie ifrå seg rolla som leiar i gjevarlandsgruppa for Palestina i ein kronikk i Klassekampen. Grunnen til det er todelt: For det første at leiarrolla vert brukt som ein grunn til å ikkje bruke sterkare politiske og økonomiske verkemiddel overfor Israel. For det andre at å årleg  koordinere pengeinnskotet i dei palestinske sjølvstyremyndigheitene er med å fri Israel frå ansvar og oppgåver som okkupant.

For å følge opp diskusjonen inviterte vi til Ulandsseminar saman med SAIH og Senter for utvikling og miljø (SUM) ved Universitetet i Oslo 2. februar. Saman med Tor Wennesland, Utanriksdepartementet si spesialutsending til Midtausten, og doktorgradsstipendiat ved NTNU, Jørgen Jensehaugen, satt Anna Lund Bjørnsen i panelet.

To hovedspor i norsk politikk

Tor Wennesland var klar på at den norske politikken overfor Israel og Palestina kviler på to hovedspor: Ein vil for det første bidra til ei framforhandla tostatsløysing og for det andre vil ein bruke pengar på å bygge politiske strukturar som skal gjere ein framtidig palestinsk stat mogleg. Det første sporet ligg ifølge Wennesland foreløpig brakk fordi den politiske leiinga i Israel ikkje er innstilt på å framforhandle ei løysing og palestinerane har det svakaste politiske regimet sidan Oslo-avtalen.

– Det er ikkje for kven som helst å berre opprette bilaterale forhandlingar mellom Israel og Palestina og stjernene står for tida ulageleg til for at dette skal skje, sa han.

Enorm norsk pengebruk

Jørgen Jensehaugen starta sitt innlegg med å vektlegge kva ansvar Noreg har for å stadig vurdere om midla ein brukar er dei mest hensiktsmessige.

– Noreg har lagt ekstremt mykje prestisje og ressursar i dette. Sidan 1993 har vi brukt 9 milliardar norske kroner. Det gir Noreg eit ansvar og krev at ein stadig reevaluerer strategien sin. Om ikkje jobbar ein i blinde.

Han framheva at premisset i den norske politikken har vore at ein prøver å bygge ei tostatsløysing med norske pengar samtidig som ein prøver å framforhandle seg politisk til det same. Med splittinga i den palestinske politiske leiinga og den stadig veksande busetjarrørsla meiner Jensehaugen at Børge Brende sine uttalelsar om at ein vil bidra i ein “konstruktiv fredsprosess” ikkje har hald i verkelegheita.

– Spørsmålet bør vere når “når ein smertegrensa?”, sa han, og peika ut tre moglege indikatorar på at ei framforhandla politisk løysing på okkupasjonen ikkje lenger vil vere teoretisk mogleg.

For det første om busetjarblokka E1, som vil dele heile Vestbreidda i to, vert ferdig bygd. For det andre om Israel annekterer heile Vestbreidda eller for det tredje om ein når 600 000 israelske busetjarar på Vestbreidda.

Merking bør ikkje vere kontroversielt

På spørsmål frå ordstyrar Line Khateeb frå Norsk Folkehjelp om korvidt leiarrolla i gjevarlandsgruppa kan vere ei avgrensing for norsk politikk overfor Israel, svarte Jensehaugen at det er vanskeleg å gje eit klart svar på. Likevel meinte han at Noreg ikkje burde vere redd for å utfordre.

– Om Israel kastar oss ut fordi vi anerkjenner Palestina syner det berre at det ikkje ville blitt noko løysing uansett, sa han og la til at BDS-tiltak som merking av busetjarvarer ikkje bør vere kontroversielt.

– Noreg burde ikkje føre ein politikk som aksepterer at Israel okkuperer Vestbreidda. Å merke varer derifrå burde vere ukontroversielt.

Noreg opprettheld status quo

Lund Bjørnsen frå Fellesutvalget for Palestina starta sitt innlegg med å seie at Noreg fører ein politikk som står i stampe.

– Norske pengar er med å oppretthalde status quo i Palestina. Det er ein status quo som gjer det stadig verre for palestinerane og som er med å halde tostatsløysinga kunstig i live sjølv om den ikkje er levedyktig.

Lund Bjørnsen framheva ei rekke andre politiske verkemiddel Noreg kan bruke enn leiarskap i gjevarlandsgruppa for å betre palestinerane sin situasjon:

– Det er to viktige ting Israel bryr seg om i forholdet til omverda: Omdømme og pengar. Då veit vi at BDS (Boikott, deinvesteringar og sanksjonar) er ei god verktøykasse å ta i bruk, sa ho og trakk fram fleire konkrete politiske verkmiddel Noreg bør ta i bruk:

Forbod av sal av busetjarvarer, næringslivstilråing om å ikkje samarbeide med Israel, forby norsk støtte til busetningar, at Oljefondet trekk sine investeringar ut av selskap som er med på den israelske okkupasjonen, ikkje investere i israelske statsobligasjonar, ikkje vere med på forskningssamarbeid gjennom Horizon 2020 med Israel og stoppe all militær eksport og import til Israel.

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024