MENY

Send brev til Utanriksminister Huitfeldt

Ver med å kreve at norske myndigheiter sanksjonerer Israel for deira angrep på palestinerane. Her kan du sende eit ferdigskrive brev til Utanriksminister Anniken Huitfeldt og be ho sanksjonere Israel.

Sidan nyttår har det israelske militæret gjennomført tre dødelege raid på Vestbreidda mot byane Jenin, Jeriko og Nablus. Dette skjedde før pogromen i Huwara og dei omkringliggande landsbyane. Når dette vert skrive har 84 palestinarar vorte drepne, enten av israelske okkupasjonsstyrkar eller av israelske busettarar. I snitt har det vorte drepen ein palestinarar kvar dag i 2023, 15 av desse er born. Samtidig aukar talet på utkastingar, husøydeleggingar og busettingsutvidingar.

Det må vere ein politisk og økonomisk kostnad for Israel si systematiske undertrykking av palestinarar. Reaksjonen det internasjonale samfunnet hadde då Russland invaderte Ukraina syner at slike straffetiltak er moglege når det er politisk vilje til å gjennomføre dei. Likevel har dei vore fråverande når det gjeld palestinarane sine rettar.

Handfaste handlingar, inkluderte lovlege sanksjonar, er den einaste måten å tvinge Israel til å rette seg etter folkeretten, til å slutte med menneskerettskrenkingar og til å sikre beskyttelse for palestinarar.

Send beskjeden under til Utanriksdepartementet og be dei forsvare folkeretten og sette i gang sanksjonar mot israelske myndigheiter for deira angrep på palestinarar.

Vi må handle no!

Trykk linken her og send eit ferdigskrive brev til Utanriksdepartementet og be dei sanksjonere Israel. 

Aksjonen er koordinert av European Coordination of Committees and Associations for Israel (ECCP), kor Fellesutvalget for Palestina er medlem.

Relaterte saker

Hva ønsker ny daglig leder seg av 2025?
19.12.2024

Statsbudsjettet 2025: FuPs høringsinnspill
21.10.2024

Oljefondet må ut av selskaper som støtter opp om den israelske okkupasjon
02.10.2024