Regjeringa brukar statsbudsjettet til å oppretthalde kutt til palestinske flyktningar og å sanksjonere organisasjonar som støttar BDS.
Tora Systad Tyssen
Torsdag 12. oktober vart regjeringa sitt forslag til budsjett for 2018 lagt fram i Stortinget. For Palestina sin del var summane regjeringa vil løyve over bistandsbudsjettet mykje det same som i fjor. Palestina held fram som eitt av regjeringa sine fokusland og norske myndigheiter framhever at den som leiar for gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC) har ei særleg forplikting til å bidra til å styrke den palestinske økonomien.
Det er ingenting i årets budsjett som tilseier at Utanriksdepartementet vil legge seg på ei anna linje. Noreg vil halde fram å arbeide for ei tostatsløysing gjennom å bygge institusjonar i samarbeid med den palestinske sjølvstyremyndigheita (PA), skriv dei i budsjettet:
”Den norske støtten til Den palestinske selvstyremyndigheten (PA) har som mål å bygge det institusjonelle fundamentet og sikre et bærekraftig økonomisk grunnlag for en fremtidig selvstendig palestinsk stat. Bare en varig fredsavtale vil realisere to-statsløsningen og gi palestinerne en egen stat med full suverenitet og økonomisk uavhengighet. Stadig utvidelse av israelske bosettinger utgjør et betydelig hinder for fred og må stanse i tråd med Midtøsten-kvartettens anbefalinger. Vold og terror svekker tilliten mellom partene og må opphøre. Partene bærer selv hovedansvaret for å løse konflikten, men et aktivt engasjement fra det internasjonale samfunnets side vil være avgjørende for å realisere to-statsløsningen.”
Dei skriv vidare at:
”I dagens situasjon fremstår arbeidet med å styrke den palestinske økonomien som det mest effektive bidraget for å fremme to-statsløsningen. Giverlandsgruppen har lyktes i å bygge palestinske statsinstitusjoner, blant annet gjennom langvarig innsats i form av givermobilisering, palestinske reformer og oppfordringer til Israel om å etterleve inngåtte avtaler på det økonomiske området i Oslo-avtalene. Budsjettstøtten har over tid vært en viktig og positiv faktor for den palestinske økonomien og for myndighetenes evne til å yte ulike utdannings- og helsetjenester til befolkningen. Verdensbanken og Det internasjonale pengefondet fremhever at det ikke er mulig å sikre et bærekraftig økonomisk grunnlag for en palestinsk stat uten betydelige lettelser i de restriksjonene Israel har iverksatt i okkuperte områder. En forutsetning for en mer bærekraftig palestinsk økonomi er at palestinske myndigheter og næringsliv gis tilgang til det såkalte C-området på Vestbredden, og at det åpnes for varer og økt handel inn og ut av både Gaza og Vestbredden. Den palestinske økonomien og tiltak for å styrke denne blir drøftet på giverlandsgruppens møter hvert halvår.”
Fellesutvalget for Palestina stiller seg undrande til at sjølv om regjeringa tydeleg ser at den israelske okkupasjonen er det største hinderet for palestinsk utvikling og økonomi, så vil dei ikkje bruke sterkare politiske verkemiddel mot Israel enn å kritisere dei. Å bruke økonomiske og politiske sanksjonar og å komme med ei tilråing til norsk næringsliv om å ikkje bidra til den israelske okkupasjonen ville ha vore viktige grep her.
Det mest urovekkande for Palestina sin del i årets budsjett kjem i UD sine prioriteringar for bilaterale løyvingar til Palestina.
Der skriv regjeringa at: ”Det er heller ikke i tråd med norsk politikk å støtte organisasjoner som har uttrykt hovedformål å fremme BDS-kampanjen (Boikott, Desinvesteringer og Sanksjoner). Regjeringen er imot boikott av Israel. Boikott skaper avstand, og Regjeringen tror i stedet på dialog og samarbeid for å skape tillit som en forutsetning”.
At regjeringa er imot boikott av Israel er deira val. Å legge ei politisk føring på midlar som UD kan løyve at den ikkje kan gå til organisasjonar som har som hovedformål å drive BDS er å noko heilt anna og særs urovekkande. Dersom sivilsamfunnet skal måtte stå for den same politikken som regjeringa for å kunne få støtte, er det eit grovt åtak på ytringsfridomen.
Regjeringa seier ikkje at dei er imot boikott som verkemiddel generelt. Det vert brukt frå statleg hald i mange andre samanhengar som mot Russland i høve annekteringa av Krim. Det er berre i tilfellet Israel at regjeringa seier at dei er imot boikott. Dersom norske myndigheiter skal vere samstemt i sin politikk overfor Israel, kor dei iallfall i retorikken seier at dei fordømmer folkerettsbrota deira og dei grove overgrepa mot palestinarane sine menneskerettar, er det kritikkverdig at dei så sterkt går imot ei rørsle som arbeider for at Israel skal rette seg etter folkeretten.
BDS-rørsla kom istand etter at over 170 palestinske sivilsamfunnsgrupper i 2005 gjekk saman om å oppfordre det internasjonale samfunnet til å boikotte og trekke seg ut frå institusjonelt samarbeid innan akademia, kultur, økonomi og sport. Det vil ein gjere fram til Israel vert pressa til å følge folkeretten og handheve menneskerettane. Konkret er dei tre krava til BDS-rørsla:
1. Ein slutt på den israelske militærokkupasjonen av Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem og riving av den israelske muren.
2. Ein slutt på det institusjonaliserte og legaliserte systemet med rasistisk diskriminering av palestinarar med israelske statsborgarskap.
3. At palestinske flyktningar sin rett til retur vert respektert.
Då regjeringa skulle rapportere til Stortinget for innsatsen deira i FN i 2016 skreiv dei at ”det var mykje fokus på den økonomiske situasjonen til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), som framleis er krevjande. Som rapportør for arbeidsgruppa til FN om finansiering av UNRWA medverka Noreg til å synleggjere dei økonomiske utfordringane for UNRWA.”
Dette er ei økonomisk utfordring som regjeringa har vore med å gjere verre etter at dei kutta støtta til UNRWA med 37 millionar på budsjettet for 2016 frå 150 millionar til 113 millionar. Kuttet vart redusert til 25 millionar på 2017-budsjettet slik at den totale overføringa er planlagd å vere 125 millionar. Forslag til statsbudsjett for 2018 legg seg på same nivå.
I budsjettforslaget står det:”I lys av et fortsatt sterkt behov for UNRWAs tjenester og organisasjonens betydning for stabilitet i regionen, foreslås Norges frivillige bidrag opprettholdt på et høyt nivå. Det foreslås bevilget 125 mill. kroner for 2018.»
Det er bra at regjeringa ikkje kuttar rytterlegare i støtta til dei 5,15 millionane palestinske flyktningane som har vorte fordrevne av Israel frå 1947 fram til i dag. Likevel veit vi at situasjonen for desse flyktningane som framleis sit i flyktningeleirar i Gaza, på Vestbreidda og i Libanon, Syria og Jordan er prekær, særleg etter at borgarkrigen i Syria starta. Berre 51 prosent av det humanitære behovet deira vert dekka. Då kan det ikkje rettferdiggjerast at norske myndigheiter kuttar 25 millionar i støtta.
Publisert
12.10.2017