I regjeringsplattforma si seier regjeringa at dei vil reagere på folkerettsbrot med politiske og økonomiske sanksjonar. Då burde Israel stå øvst på lista.
Fråsegn vedteken på årsmøte i Fellesutvalget for Palestina, 10. februar 2018.
Amerikanske myndigheiter har anerkjend Jerusalem som Israel sin hovudstad og president Donald Trump sa i januar at Jerusalem no “er av forhandlingsbordet”. Anerkjenninga går mot fleire resolusjonar i FN sitt tryggleiksråd. Såleis undergrev amerikanske myndigheiter ikkje berre palestinarane sin rett til eigen stat, men heile folkeretten. Dei har og kutta grovt i støtta til UNRWA, FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar. Ein organisasjon som frå før er sterkt underfinansiert.
Når USA så klart tek side med Israel, krev det at Noreg og det internasjonale samfunnet reagerer. Å kritisere og fordømme er ikkje godt nok når USA og Israel i tospann undergrev folkeretten. Dersom den nye regjeringa skal følge opp lovnaden frå Jeløya-plattforma om å “samarbeide med andre land for å gjennomføre økonomiske og politiske sanksjoner ved alvorlige og vedvarande brot på folkeretten”, burde Israel stå øvst på lista over land dei skal reagere mot. Heller ser vi ei regjering som knyt stadig sterkare band til Israel og som vel å oppretthalde kuttet i den norske støtta til UNRWA. Dette er å lønne okkupantstaten Israel og straffe palestinarane som i 70 år har vore offer for fordriving, etnisk reinsing, undertrykking og ein brutal militærokkupasjon.
Fellesutvalget for Palestina krev at den norske regjeringa:
– Aukar sitt tilskot til UNRWA, FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar.
– Følger opp lovnaden frå Jeløya-plattformen om å bruke økonomiske og politiske sanksjonar for å legge press på Israel til å rette seg etter folkeretten.
– Følge forpliktingane sine etter folkeretten om å rå norsk næringsliv ifrå økonomisk samkvem med Israel si ulovlege busettingsverksemd og andre folkeretts- og menneskerettsbrot i dei okkuperte palestinske områda.
Publisert
14.02.2018