MENY

Foto: Annikken Nygård

Rapportlansering: Vannkrig

Fellesutvalget for Palestina og Fivas lanserer "Vannkrig" - ein rapport om retten til vatn i Palestina torsdag 5. april.

Arrangementet på Facebook. 

I høve lanseringa skal vi ha eit frukostmøte med kaffi, frukost og ikkje minst: debatt.

Rapporten tek føre seg den strukturelle vassmangelen i dei okkuperte palestinske områda. Den ser på dei store øydeleggingane av bistandsfinansierte strukturar som saman med militære ordrar er med å nekte palestinarane menneskeretten til vatn. Som ein av dei største donorlanda til Palestina er dette sjølvsagt viktige problemstillingar for Noreg.

Tematikken er særleg aktuell i desse dagar kor større byar i alle verdsdelar, til dømes Cape Town, California og Beijing, er prega av eit stadig aukande på press på minkande vassressursar grunna klimaendringar, dårleg forvaltning og tapping av grunnvatnet. Situasjonen som utspelar seg i dei okkuperte palestinske områda bør og diskuterast på lik linje.

Innleiing av rapportforfattar Martine Kopstad Floeng, frå Fivas.

Panel:
– Petter Eide frå SV og leder av Palestinas venner på Stortinget
– Ketil Kjenseth frå Venstre og leder av Stortingets vatngruppe
– Åsmund Aukrust frå Arbeiderpartiet
– Representant frå Raudt

Leiar i Fellesutvalget For Palestina Tora Systad Tyssen er moderator.

Les meir om tematikken her: Vannkrig på Vestbredden. 

 

Relaterte saker

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023

Faner for fred
24.11.2023

Fra Oslo til apartheid – Palestinakonferansen 2023
24.08.2023