Erna Solberg seier at palestinarane på Gaza må roe seg ned etter at Israel feira 70-årsdagen sin med å slakte ned palestinske demonstrantar. Vi meiner det er nokon andre som må roe seg ned.
Appell frå Tora Systad Tyssen på Nakba-markering framfor den israelske ambassaden i Oslo 15. mai 2018.
I går feira Israel 70-årsdagen sin med å drepe 58 og skade 2700 mennesker på Gaza. 58 medmennesker. 58 ansikt. 58 smil. 58 familiar som no har mista ein dei elska. Den yngste drepne var 8 månadar gamle Laila. Ho døydde etter å ha inhalert tåregass. Den yngste skotne var 14 år gamle Izz al-Din. Han vart skoten i overkroppen. Slakta ned.
1200 av dei skadde vart skotne med skarp ammunisjon. 79 skotne i nakken, 161 skotne i armane. 62 i ryggen eller brystet. 52 i magen. 1055 i beina. 203 av dei skadde var ungar. 78 av dei kvinner.
Dette er ikkje terroristar. Dette er medmennesker som sit innesperra på Gaza. Mange av dei har vore på flukt i 70 år. Dette er medmennesker utan tilgang på straum, vatn og medisinar. Dette er desperate medmennesker som ønskjer eit verdig liv kor ikkje ei brutal militærmakt slaktar dei ned når dei krev å verte sett som mennesker.
Ein fantastisk dag for Israel. Gratulerer. Sa Donald Trump.
Og belønna Israel for 70 år med fordriving med ein amerikansk ambassade i Jerusalem.
Noregs statsminister, Erna Solberg, ber folk i Gaza om å roe seg ned.
Snakk om å ha frekkheitas nådegave, å be befolkninga i Gaza om å roe seg ned.
Dei skal ikkje roe seg ned.
Vi skal ikkje roe oss ned.
Veit de kven som skal roe seg kraftig ned?
Det er USA, som prøver å skape verda i sitt bilete og drit i alt som har med folkerett, menneskerettar og menneskeverd å gjere.
Det er Israel, som feira bursdagen sin med eit blodbad i Gaza. Som undertrykker, okkuperer, fordriv og diskriminerer. Som ikkje let dei 8 millionar palestinarane som er i eksil kome heim att. Som drep ungar og demonstrantar og har skammen til å kalle seg Midtaustens einaste demokrati. Som seier at deira hær er den mest moralske i verda.
Og Erna Solberg og den norske regjeringa, dei skal roe seg kraftig ned.
Fordi, ikkje berre sit dei og ser på at Israel slaktar ned palestinske demonstrantar utan å gjere anna enn å seie at dei ser med bekymring på det og at demonstrantane på Gaza skal roe seg ned.
Fordi vi, Noreg, vi lagar våpna som israelske soldatar har i henda.
Det er våre kuler som drep i Gaza.
Og Oljefondet vårt investerer 5,2 milliardar euro i selskap som tener på okkupasjonen.
Nei, Erna. Folk på Gaza skal ikkje roe seg ned.
Og vi, deira medmennesker, vi roar oss ikkje ned.
Ikkje før oljefondet sluttar å investere i okkupasjonen.
Ikkje før vi sluttar å selge våpen til Israel og handlar våpen attende.
Ikkje før palestinarane får leve frie, verdige liv.
Boikott Israel, fritt Palestina!
Publisert
16.05.2018