MENY

Foto: Fred Csasznik

Palestinakonferanse 2018: Palestinarar på flukt i 70 år

27. oktober inviterer Fellesutvalget for Palestina til årets Palestinakonferanse. Tema i år er palestinske flyktningar.

For 70 år sidan vart 750 000 palestinarar drivne på flukt då Israel vart oppretta. Framleis har dei ikkje fått oppfyld retten til retur og mange av dei sit framleis i flyktningeleirar på Vestbreidda, i Gaza og i nabolanda.

Dei over 5 millionar palestinske flyktningane i verda i dag er tema på årets Palestinakonferanse 27. oktober i Oslo. Vi har invitert fleire spanande gjester for å tilnærme seg tematikken på ulikt vis.

Starten på flyktningeproblemet:
Det palestinske flyktningeproblemet oppstod etter at 750 000 palestinarar vart drivne på flukt i det Israel vart oppretta i 1948. Bakgrunnen for det som på arabisk vert kalla al-Nakba, katastrofen, er mellom anna FN sin delingsplan frå 1947. Ein plan den norske generalsekretæren i FN, Trygve Lie, arbeidde hardt for å få gjennom. Det er eit viktig tema i den nye boka Gudfaren frå journalist Odd Karsten Tveit. Han kjem til konferansen for å snakke om boka.

USA si rolle:
I august vart det kjend at amerikanske myndigheiter kutta deira årlege støtte til UNRWA på 350 millionar amerikanske dollar, FN-organet for dei palestinske flyktningane. Såleis prøver amerikanske myndigheiter å tvinge palestinarane til å vere med på forhandlingar med Israel kor fleire og fleire tema er «tatt av bordet». Det var slik den amerikanske presidenten Donald Trump omtala det då USA anerkjende Jerusalem som Israel sin hovudstad i desember. No vil han og ta retten til retur for flyktningane vekk. Førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Innlandet, Jørgen Jensehaugen, har nett gjeve ut boka Arab-Israeli Diplomacy under Carter: The U.S., Israel and the Palestinians. Han kjem for å snakke om amerikansk politikk overfor Israel og Palestina, med særleg fokus på dei palestinske flyktningane.

Det internasjonale diplomatiet:
Etter folkeretten har palestinske flyktningar ein rett til retur, likevel er det lite som tyder på at denne retten vert respektert og oppfyld med det første. Kvifor let det internasjonale samfunnet slike brot på folkeretten halde fram? Den palestinske juristen Rania Madi, som mellom anna arbeider for Badil i Geneve, kjem for å snakke om folkeretten og det diplomatiske spelet kring dei palestinske flyktningane.

Situasjonen på bakken:
Mange av dei palestinske flyktningane bur i flyktningeleirar inne på Vestbreidda. Ein av dei mest kjende er Balata i Nablus kor det bur 30 000 flyktningar på eit område på 0,25 kvadratkilometer. Her driv Norsk Medisinstudentforening (NMF) og International Federation of Medical Students’ Associations (IMFSA) samarbeidsprosjektet NorPal-Sawa. Deltakarane hospiterer på lokalsjukehusa i Nabus og arrangerer sommarleir for borna i Balata. Nokre av årets deltakarar kjem for å gje eit bilete av korleis livet på bakken er i flyktningeleirane.

Konferansen vert på Aktivitetshuset K1 i Kolstadgata 1 på Tøyen i Oslo frå 11-14.30.

Vel møtt!

Følg gjerne på arrangementet på Facebook for å halde deg oppdatert.

 

Relaterte saker

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023

Faner for fred
24.11.2023

Fra Oslo til apartheid – Palestinakonferansen 2023
24.08.2023