MENY

Palestinakonferanse 2017: Noreg og Palestina sidan 1967

4. november vert årets Palestinakonferanse. Tema i år er forhaldet mellom Palestina og Noreg dei siste 50 åra.

Fellesutvalget for Palestina inviterer til
PALESTINAKONFERANSEN 2017: Noreg og Palestina sidan 1967

Då Israel oppretta seg i 1948 var det langt mellom Israel-kritiske perspektiv i norsk offentlegheit. Med den brutale militærokkupasjonen av Aust-Jerusalem, Vestbreidda og Gaza i 1967 kom etterkvart eit endra syn på Israel og Palestina i Noreg. Det vaks fram ei sterk solidaritetsrørsle for palestinarane, med helsearbeidarar i spissen. Norske politikarar byrja etterkvart å gå vekk frå den einsidige støtta til Israel og det palestinske perspektivet fekk i større grad sleppe til i media sine forteljingar om kva som skjedde i Midtausten.

På 1980-talet kom norske FN-soldatar som vart sendt til Libanon heim med andre fortellingar om Israel enn dei som stod i norske skulebøker. Då Oslo-avtalen kom på 1990-talet trudde ein at den norske hovedstaden ville verte kjend som byen kor ei fredleg tostatsløysing kom i stand. Istaden vert no Oslo brukt som eit skjellsord i Palestina.

I dag er Palestina eitt av dei norske fokuslanda innan bistand, altså eit land kor ein gjennom styrka innsats vil bidra til stabilisering og fredsbygging. Noreg leier framleis gjevarlandsgruppa for bistand til Palestina, og speler difor ei sentral rolle internasjonalt i dette arbeidet. Men kva slags bistand som fungerer på bakken, er det ikkje semje om. Og kva hjelper all verdas bistand så lenge det ikkje vert lagt sterkare politisk og økonomisk press på Israel for for å avslutte okkupasjonen?

Dette er bakteppet for årets Palestinakonferanse. Den vert arrangert laurdag 4. november klokka 11-17 på Aktivitetshuset K1 i Kolstadgata 1 på Tøyen. Følg arrangementet på Facebook her. 

Innleiarar: 
Peder Martin Lysestøl – Den norske solidaritetsrøsla i 50 år
Berit Mortensen – Bistand og utviklingshjelp til Palestina
Petter Bauck – Oslo-avtalen og verknadar av den
Dag Tuastad – Gaza dei siste 10 åra og splittelsen mellom Fatah og Hamas
Lori Allen – Mitchell-rapporten om bakgrunnen for den andre intifadaen

Det er ikkje bindande påmelding, men vi set pris på om du melder deg på via denne linken her. Då har vi har oversikt over omlag kor mange som kjem slik at det er nok kaffi, snacks og frukt.

Sjå bilete frå Palestinakonferansen 2016 her.

Relaterte saker

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023

Faner for fred
24.11.2023

Fra Oslo til apartheid – Palestinakonferansen 2023
24.08.2023