MENY

Bli med på studietur til Palestina og Israel

17.-24. mars reiser vi på ny spanande studietur til Israel og Palestina. Bli med!

På turen planlegg me å møte ulike mennesker og organisasjonar og besøke ulike stadar i Palestina (Vestbreidda og Aust-Jerusalem) og Israel. Målet med turen er å gje eit usminka og direkte bilete av korleis kvardagen for det palestinske folket under den israelske okkupasjonen er.

Me reiser mellom anna til Jerusalem, Betlehem, Nablus, Hebron, Ramallah, Jordandalen, Qalqylia og Yaffa/Tel-Aviv. Me opplever korleis muren hindrar palestinarane sin tilgong til jorda si og til å reise, me lærer om palestinske flyktningar sin situasjon og besøker flyktningeleirar. Me møter palestinarar som opplever stadig busettarvald og trakassering frå israelske soldatar og syner korleis busettingane stel jord og livsgrunnlag frå palestinarar. Me besøker organisasjonar og fagrørsle som på ulike måtar jobbar mot okkupasjonen med fredlege middel. I tillegg besøker vi mange av dei religiøse destinasjonane som gjer at mange kjenner tilknyting til området, mellom anna Klagemuren, Haram ash-Sharif, Fødselskyrkja og Gravkyrkja.

Turen gir eit unikt høve til å møte palestinarar og høyre frå dei sjølve korleis livet og kvardagen er, i tillegg til å sjølvsagt ete smake god palestinsk mat, øl og vin og lære meir om den palestinske kulturen.

Turen er samtidig som Palestine Marathon, ein stor folkefest i Betlehem, så dei som har lyst å delta på det har høve. Det går an å springe, gå eller lunte 42, 21 eller 10 kilometer. Det er og veldig lov å berre sjå på og heie. Kjekt er det uansett.

Me lagar eit program som me meiner skal kunne vere til interesse for mange og tek gjerne imot innspel om det er særskilde plassar de vil besøke. Me vil gjerne sette søkelys på aktuelle problemstillingar og vil prøve å inkludere tema som israelsk fordriving av palestinarar frå Jerusalem, norsk-israelsk petroleumssamarbeid og forskingssamarbeid om våpen- og militærteknologi dersom det er interesse fra deltakarne for det.

Studieturane er hovedsakleg meint for medlemmer i Fellesutvalget sine medlemsorganiasjonar, men andre kan og melde seg på.

Guida tur i Hebron.

Jordandalen.

Grønnsaker i Jerusalem.

Lunsj i gamlebyen i Hebron.

Utanfor Betlehem.

Muren i Betlehem.

Omvising i Betlehem.

Frukost med utsikt til Fødselskyrkja i Betlehem.

Hebron.

Guida tur i Jerusalem.

Frukost.

Hebron.

Møte med bonde i Jordandalen.

Besøk på Taybeh ølbryggeri.

Guida tur med Baha Hilo i Betlehem.

Lunsj i Yanoun.

Aida flyktningeleir i Betlehem.

Susiya i South Hebron hills.

Gravkyrkja i Jerusalem.

Møte med palestinsk fagforeining i Jeriko.

Krydder på marknaden i Hebron.

Pris: Mellom 10 000 og 12 000 kr. Enkeltromstillegg på ca. 1500 kr.
Prisen inkluderer flyreise, reiseleiar fra Fellesutvalget for Palestina, transport, overnatting, frukost, lunsj og guida turar.

Kor: Jerusalem, Betlehem, Ramallah, Hebron, Jordandalen, Nablus og Yaffa. Om det er stader det er særleg interesse for å besøke, meld ifrå.

Påmelding til tora@palestina.no innan 15. februar. Berre ta kontakt på epost eller 47 33 44 43 dersom du har spørsmål.

Sjå bilete frå tidlegare studietur her. 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024