MENY

Foto: Julia Rahlff

Oljefondet må ut av alle selskap som tener på okkupasjonen

I 2021 trakk Oljefondet seg ut av fem selskap som tener på okkupasjonen, men er framleis inne i mange fleire. Vi ber Stortinget sikre at dei trekk seg ut av desse.

Kvart år kjem Finansdepartementet med ei melding om forvaltninga av Statens Pensjonsfond Utland, og kjend som Oljefondet. Når den vert handsama i Finanskomiteen på Stortinget får organisasjonar høve til å kome med innspel og forslag til endringar. Her er innspelet vi kom med i år

Styreleiar i Fup, Kirsti Næss, på høyring i Finanskomiteen 2. mai.

Fellesutvalget for Palestina takkar for høvet til å kome med innspel til årets stortingsmelding om forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU).

Uttrekk frå selskap som krenkar menneskerettane på Vestbreidda

I 2021 vedtok Norges Banks hovedstyre å selge seg ut av fem selskap som opererer på Vestbreidda etter tilråding frå Etikkrådet. Dette er ei svært gledeleg utvikling. Dei fem selskapa er alle involvert i grove krenkingar av palestinske menneskerettar gjennom utbygging av dei folkerettsstridige israelske busettingane på okkupert palestinsk jord.

Samtidig er SPU framleis investert i 24 av selskapa som FN sin høgkommissær for menneskerettar har svartelista for deira folkerettsstridige verksemd på okkupert palestinsk område. Deriblant 5 israelske bankar som er med å finansiere klare brot på folkeretten, som utbygginga av Jerusalem Light Rail som fraktar israelske busettarar frå Vest-Jerusalem direkte inn i det ulovlege busetnadane på okkupert jord. Oljefondet er og ein stor eigar i CAF som bygger ut bana. Utbygginga er eit klart brot på Genevekonvensjonen artikkel 49 og FN sin høgkommisær for menneskerettar skildrar desse selskapa sine aktivitetar som uforenlige med UNGP og folkeretten. Så lenge SPU er investert i desse selskapa og bankane møter det ikkje forpliktingane dei har etter UNGP og OECD sine retningsliner.

Framlegg til merknad

Førehandsfiltrering

Vi er glade for at fondet no driv risikobasert førehandsfiltrering av selskap som skal inn i referanseindeksen som ein del av arbeidet med risikoreduksjon. Samtidig meiner vi at det må vere openheit kring korleis dette verkemiddelet vert nytta saman med dei andre verkemidla for risikoreduksjon. Det er ikkje fullt innsyn i kva kriterium banken brukar for å vurdere risiko før investering og i overvakinga av portefølgen, og kor banken set terskelen for å sende saker vidare til Etikkrådet.

Vi stiller oss bak innspel frå ForUM og merknad frå Amnesty International på dette temaet.

Relaterte saker

Innspill til partiprogrammene
23.04.2024

Krasnik tar feil om Fellesutvalget
17.04.2024

Innspillsmøte med Sosialistisk Venstreparti
11.04.2024