MENY

Foto: Annikken Nygård

Oljefondet må ut av okkupasjonen

Fellesutvalget for Palestina kom med innspel til Finanskomiteen 2. mai på den årlege oljefondsmeldinga. Vi meiner Oljefondet må trekke ut investeringar frå selskap som tener på Israel sin okkupasjon av Palestina.

Det danske media- og forskingssenteret Danwatch publiserte i januar rapporten «Business on Occupied Territory» som synte at Statens Pensjonsfond Utland (SPU) har investert 5,2 milliardar euro i selskap som bidreg til folkerettstridig verksemd i Palestina.

Folkeretts- og menneskerettsbrota som den ekspanderande israelske busettingsverksemda fører til i Palestina er godt dokumentert og gang på gang fordømd i internasjonale forum. Sist i ei fråsegn frå FN sitt tryggingsråd 23. desember 2016 som seier at Israel systematisk bryt folkeretten gjennom okkupasjonen av palestinsk land og at dei israelske busettingane på den okkuperte Vestbreidda er ulovlege.

Sjå video av innlegget her.

FN sine retningsliner for menneskerettar og næringsliv (UNGP) seier at alle verksemder, inkludert investorar, har eit ansvar for å sikre at de ikkje bidreg til krenkingar av menneskerettar gjennom verksemda si eller forretningssamband. Dei slår og fast at det er særleg høg risiko for krenkingar av menneskerettane i konfliktområder og at verksemder i slike situasjonar skal respektere folkeretten.

 

At desse retningslinene og er gyldige når deg gjeld den israelske militære okkupasjon av Palestina og den israelske busettingsverksemda vart slått fast i ei fråsegn frå FN si ”Working Group on the issue of human rights and transnational corporations and other business enterprises” i 2014. Fråsegna seier og at selskap som opererer i konfliktområder har eit særskilt ansvar for å syne utvida aktsemd og at respekt for menneskerettane går føre nasjonal lovgjevnad. Det vil seie at sjølv om desse selskapa ikkje bryt israelsk lov, har dei og eit ansvar for å respektere menneskerettane og å arbeide for å dempe risikoen for negative verknadar for menneskerettane. Om dette ikkje er mogleg, opnar fråsegna for at selskapa bør vurdere å avslutte eit forretningssamarbeid.

Gjennom investeringar i selskap som bidreg til folkerettstridig verksemd i Palestina er SPU i uttakt med FN sine retningsliner for menneskerettar og næringsliv, eit rammeverk som Noreg var ein viktig pådrivar for. Det kler ikkje SPU, som har eit uttalt mål om å vere ein ansvarleg investor, og som har eit eige forventningsdokument på menneskerettar. Då må vi kunne forvente at SPU ikkje med viten og vilje bidreg til folkeretts- og menneskrettsbrot gjennom investeringane sine.

Fellesutvalget for Palestina meiner:

·       SPU må trekke seg ut av selskap som bidreg til normbrot og krenkingar av menneskerettane og folkeretten i dei okkuperte palestinske områda.

·       Dei selskapa som Etikkrådet ikkje tilrår uttrekking frå, må NBIM innleie dialog med. Målet bør vere endring av praksisen til selskapet og denne dialogen bør vere open.

·       Det må vere faktisk samsvar mellom SPU sitt eigarskapsarbeid og FN sine retningsliner for menneskerettar og næringsliv.

Les oljefondsmeldinga her. 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024