MENY

Oljefondet må slutte å tene pengar på okkupasjonen

Noreg held fram å investere tungt i den israelske okkupasjonen av Palestina. Vi ber Stortinget sikre at det ikkje skjer i årets høyringsinnspel til forvaltninga av oljefondet.

Kvart år leverer Finansdepartementet ei stortingsmelding til finanskomiteen på Stortinget om forvaltninga av Oljefondet det føregåande året. Dette er høyringsinnspelet Fellesutvalget for Palestina kom med om meldinga i finanskomiteen fredag 4. mai:

Sjå video av stortingshøyringa her. 

Høyringsinnspel stortingsmelding 13 (2017-2018)
Statens Pensjonsfond Utland 2018

OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap er eitt av dei viktigaste rammeverka som den ansvarlege forvaltninga til Statens Pensjonsfond Utland (SPU) kviler på. Desse seier at alle verksemder, inkludert investorar, har eit ansvar for å unngå å krenke andre sine menneskerettar og unngå å forårsake eller medverke til negative konsekvensar på menneskerettsområder og handtere slike konsekvensar når dei måtte oppstå. Dette gjeld og om tilknytinga er gjennom eit forretningssamband og sjølv om ein ikkje sjølv har medverka til dei.

Folkeretts- og menneskerettsbrota som den ekspanderande israelske busettingsverksemda fører til i Palestina er godt dokumentert og gang på gang fordømd i internasjonale forum. Sist i ei fråsegn frå FN sitt tryggingsråd 23. desember 2016 som seier at Israel systematisk bryt folkeretten gjennom okkupasjonen av palestinsk land og at dei israelske busettingane på den okkuperte Vestbreidda er ulovlege. Både Norsk Folkehjelp og det danske media- og forskingssenteret Danwatch har dokumentert og publisert korleis Statens Pensjonsfond Utland har store summar investert i selskap som bidreg til folkerettstridig verksemd og menneskerettsbrot i Palestina. Ein rapport frå januar 2017 frå Danwatch syner at SPU har investert 5,2 milliardar euro i slike selskap.

Gjennom desse investeringane i selskap som bidreg til folkerettstridig verksemd i Palestina og som bidreg til ei rekke menneskerettsbrot bryt SPU med OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap. Det kler ikkje SPU, som har eit uttalt mål om å vere ein ansvarleg investor, og som har eit eige forventningsdokument på menneskerettar. Då må vi kunne forvente at SPU ikkje med viten og vilje bidreg til folkeretts- og menneskrettsbrot gjennom investeringane sine. Særleg med tanke på at det i fjor haust kom ein eigen rettleiar frå OECD for finanssektoren og ansvarleg næringsliv som syner korleis retningslinene kan nyttast for at ein institusjonell investor kan gjere grundige og gode aktsemdsvurderingar.

Fellesutvalget for Palestina meiner at:

Sjå video av stortingshøyringa her. 

 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024