Regjeringa har løyva ekstra pengar til palestinske flyktningar i 2018. Vi ber Stortinget sikre at det vert ei permanent løyving.
Innspel til Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget i høve statsbudsjettet 2018.
Det står i årets statsbudsjett at støtta til Palestina var på 584 millionar kroner i 2017, og kan bli noko auka i 2019. Det må den. Sidan 2014 har den bilaterale bistand til Palestina gått frå 741 millionar årleg til 584 millionar. Dette skjer samtidig som USA har kutta all støtte til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) og at den humanitære situasjonen på Gaza er meir prekær enn nokon gong.
Det er bra at regjeringa gjennom AHLC har arbeidd for nødvendige tiltak på Gaza og at den i respons til USA sitt kutt nyleg gav eit ekstraordinært tilskot til UNRWA på 64 millionar. Likevel er dette berre kortsiktig brannslokking. Dei over fem millionar FN-registrerte palestinske flyktningane forsvinn ikkje av at ein kuttar pengar til dei. Ein skapar berre nye generasjonar av palestinske flyktningar utan menneskerettar og reelle moglegheiter. Alt før USA sitt kutt til organisasjonen mangla halvparten av dei nødvendige midlane til hjelpetiltak til palestinske flyktningar. Når vi veit at 84 prosent av dei palestinske flyktningane har behov for humanitær hjelp og at UNRWA-skulane ikkje har midlar til å gjennomføre dette skuleåret, er det ikkje vanskeleg å sjå at det må ei sterk internasjonal mobilisering til for å kompensere for det drastiske og inhumane kuttet den amerikanske regjeringa har gjort i støtte til palestinske flyktningar. Difor oppfordrar vi til at regjeringa gjer det ekstra tilskotet på 64 millionar til eit permanent tilskot, i tillegg til dei 125 millionane som regjeringa har overført årleg dei siste fire åra. Vi oppfordrar og til at det i budsjettet vert presisert kva midlar av regionsløyvinga til Palestina som skal gå til UNRWA.
Det er bra at regjeringa som lova har auka bistandsbudsjettet til nær 1 prosent av brutto nasjonalinntekt. Diverre står støtta til sivilsamfunnet stille. Dette skjer samtidig som det er eit aukande press mot sivilsamfunnsorganisasjonar verda over, også i Palestina og Israel. Dei vert ramma av lover som avgrensar deira organisasjons- og ytringsfridom. Mange vert utsett for trugslar og åtak. Regjeringa har tydleg signalisert at vern av menneskerettsforkjemparar er ei prioritering. Det kan ikkje gjerast utan å verne om og bygge opp om sivilsamfunnet. Vi ber difor om at regjeringa prioriterer å løfte tilskotet til palestinsk og israelsk sivilsamfunn som arbeider for ein rettferdig fred med like og fulle rettar og moglegheiter til alle. For at ein på eit tidspunkt skal kunne sleppe å finansiere humanitære tiltak på bakken i Palestina og for palestinske flyktningar må ein styrke og bygge opp dei kreftene som arbeider for ei politisk løysing basert på folkerett og menneskerettar.
Publisert
15.10.2018