MENY

Foto: Kirsti Næss

Dette meiner Fellesutvalget om norsk våpeneksport til Israel

Ifølge eksportmeldinga for 2016 har Noreg avslått søknad om eksportløyve til Israel. Likevel har norske våpendelar og ammunisjon hamna i Israel.

Høyringsinnspel til Meld. St. 5 (2017- 2018): Eksport av forsvarsmateriell frå Norge i 2016, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingsarbeid

Sjå innlegget i Forsvars- og utanrikskomiteen her.

I årets eksportmelding står det at ”denne regjeringen er opptatt av å hindre at norske våpen kommer på avveie. Det har så langt vi kjenner til heller ikke skjedd.”

Samtidig veit vi at norske våpenkomponentar og ammunisjon endar i det israelske militæret og vert nytta til å støtte opp om folkerettsstridig busettingsverksemd som fører til systematiske og grove brot på palestinske menneskerettar og at norske våpen har vorte nytta i israelsk krigføring mot Gaza. Når norske våpen hamnar her, så hamnar dei på avvege.

Eksportmeldinga seier at ”dersom det fastslås at et lands styrker ikke opptrer i tråd med krigens folkerett, for eksempel gjennom systematiske brudd på humanitærretten, vil salg av våpen og ammunisjon til landet være utelukket.” Etter førre krig mot Gaza kom uavhengige FN-forskarar med ein rapport kor det stod at Israel gjorde seg skuldig i grove brot på internasjonal humanitærrett som kan tilsvara krigsforbrytingar. Det er difor naturleg at Israel er eitt av landa det er oppgjeve i eksportmeldinga for 2016 at det er avslått eksportlisens til.

Likevel hamnar våpen med norske komponentar og ammunisjon i det israelske militæret. Det skjer gjennom at våpen produsert i norskeeigde fabrikkar i utlandet og våpensystem med norskproduserte delar vert seld til landet. Dette understrekar behovet for betre kontroll over faktisk sluttbruk for å sikre at norsk eksportregelverk faktisk sikrar at norske våpen ikkje bidreg til folkeretts- og menneskerettsbrot. Sluttbrukarerklæring fungerer berre som ein kontrollmekanisme dersom den og gjeld for norske våpenkomponentar etter at dei er eksportert ut av Noreg. Norske myndigheiter bør difor krevje re-eksportklausul for alt krigsmateriell som eksporterast, inkludert komponentar, kor mottakar av det norske krigsmateriellet må garantere for at desse strategiske varene ikkje hamnar i land kor Noreg har avslått eksportlisens.

Norsk eksportregelverk bør og gjelde for norskeigde fabrikkar i utlandet. Når Noreg avslår direkte eksportlisens til Israel bør det og reknast i norsk interesse at norske våpeneksporterande selskap i utlandet følgjer det same regelverket.

Det er bra at det årleg kjem ei eksportmelding frå den norske regjeringa, men informasjonen som kjem fram er ikkje tilstrekkeleg. Det kjem ikkje fram i eksportmeldinga kva tiltak som faktisk gjerast for å sikre at norske våpen ikkje hamnar i land på tvers av norsk eksportregelverk. Det vert heller ikkje oppgjeve kva kontrollmoglegheiter som finst og kor ofte dei har vorte nytta. Dersom ein skal sikre openheit og innsyn om vurderingar og omsyn som vert tekne når lisenssøknadar vert handsama, må det og offentleggjerast kvifor det vert opna for eksport til nye land, kvifor det vert gjeve avslag på lisenssøknadar og kva kriterium som ligg til grunn i dei enkelte tilfella. Berre slik kan ein sikre at det norske eksportregelverket vert overhaldt. Når det er gjeve avslag på eksportlisens til Israel og andre land er det ikkje oppgjeve kvifor og etter kva kriterier. Det svekker høvet Stortinget og sivilsamfunnet har til å kontrollere at norsk eksportregelverk vert handheva.

 

Fellesutvalget for Palestina oppfordrar komiteen om å be regjeringa om å:

Lær meir om norsk våpeneksport til Israel her. 

Relaterte saker

Hva ønsker ny daglig leder seg av 2025?
19.12.2024

Lørdag 14.12: Stans okkupasjonen – Våpenhvile nå!
13.12.2024

Nei til norske våpen og våpendeler i Gaza
26.06.2024