MENY

Foto: Annikken Nygård

Dette er ikkje ei konflikt

Dersom norske myndigheiter faktisk vil bidra til ei fredleg løysing for Israel og Palestina må den anerkjenne kva det er som faktisk skjer på bakken i Palestina og Israel, og det er ikkje ei konflikt.

Tora Systad Tyssen og Reidun Gjengedal

Om du står i utkanten av Betlehem i Palestina og ser nordaustover ser du ei veldig byggeverksemd. Lass på lass med byggemateriale, kraner og hus som skyt i vêret. Lyden av stein som vert knust i det nytt land vert gjort klar til husbygging. Det er ikkje hus til palestinarane som eig jorda som vert bygd, men den stadige utvidinga av Har Homa. Det er ein av 127 israelske busettingar som gjennomborrar Vestbreidda og som utgjer kjerna i den israelske okkupasjonen av området. I år har den okkupasjonen vart i 50 år.

Ifølge den fjerde Geneve-konvensjonen er det ulovleg å flytte eiga sivilbefolkning inn på okkupert område. Det gjer Israel systematisk og utvidinga av Har Homa vert såleis eitt av mange eksempel på dei grove folkerettsbrota landet utfører på palestinsk jord. At dette får foregå på 50. året utan sterkare reaksjonar syner eit handlingslamma internasjonalt system utan vilje og evne til å skjære gjennom. For palestinarane på bakken er konsekvensen at jorda forsvinn under beina på dei. Der kor busettingane byggast kan ikkje palestinarar ferdast utan særskilde løyve og dei vert fråstole jorda si idet busettingane skal utvidast. Det vert av forsvararar av den militære okkupasjonen av Vestbreidda sagt at busettingane utgjer 3 prosent av landområdet og difor ikkje er noko stort problem. Det stemmer ikkje. Busettingane med områda rundt utgjer 40,5 % av arealet på Vestbreidda, ifølge den israelske menneskerettsorganisasjonen Bt’selem. I 2016 vart det bygd 25 % fleire bustadar i busettingane enn året før. Trass i at folkeretten seier det er ulovleg å gjere permanente endringar på okkupert land utan at det kjem den opphavelege befolkninga til gode, endrar Israel geografien kvar dag.

Jorda forsvinn under beina på palestinarane

Eitt av dei klaraste eksempla på det ser ein med bygginga av muren som sperrar inne Vestbreidda. Den er ulovleg fordi nær heile muren ligg inne på Vestbreidda, på palestinsk side av den grøne linja, våpenkvilelinja frå 1949. Når muren er ferdigbygd vil omlag 10 % av landet på Vestbreidda ligge på baksida av muren, mot Israel. Ikkje berre er palestinsk jord konfiskert for å bygge muren og tryggleiksona rundt. Samtidig mistar palestinske bønder tilgang til jordbruksland som hamnar på andre sida av muren. No må dei søke om løyve til å vitje eiga jord. Om dei får eit slikt må dei likevel forhalde seg til avgrensa tilkomst og strenge tryggingskontrollar.

 

Tora Systad Tyssen, leiar i Fellesutvalget for Palestina. Foto: Synne Dahl

Reidun Gjengedal, nestleiar i Fellesutvalget for Palestina. Foto: Synne Dahl

Vidare kjem etableringa av militære treningsområder, vegar, industrisoner og naturreservat som alt er israelske myndigheiter sin måte å regulere om palestinsk land til nye bruksområde som i lita eller inga grad kan nyttast av palestinarar. Att står små øyer av palestinsk jord som knytast saman av vegar som raskt kan sperrast av det israelske militæret slik at du ikkje kjem deg på jobb eller heim att på kvelden. Det er dette det betyr når ein høyrer nyhende om at israelske myndigheiter har godkjent 1000 nye bustadar i busettingane. Det betyr at land vert stole, at endå mindre mark kan dyrkast og dyr mister beitemark. Attende står eit gjennomhola Palestina, med ei befolkning utan rett til å utvikle eller ferdast i store delar av landet sitt. Og sjølv om Israel har trekt busettarane ut av Gaza er området under ein streng militær blokade med ein prekær mangel på vatn, byggemateriale, mat og infrastruktur.

Dette er ikkje ei konflikt

Noreg har eit uttalt mål om å bidra til ei framforhandla tostatsløysing kor Gaza og Vestbreidda skal utgjere ein palestinsk stat. Om ein skal lukkast med det er det politiske og geografiske rommet for det forsvinnande lite, og det er straks vekke om det ikkje skjer noko. Då er det merkeleg at norske myndigheiter ikkje verkar villege til å ta nokon faktiske grep for å få det til å skje. Først må ein stikke fingeren i jorda og anerkjenne kva dette faktisk er. Dette er ikkje ei konflikt mellom to land, det er eit militært overlegent land som okkuperer eit anna og prøver å drive innbyggarane der vekk gjennom å nekte dei grunnleggande menneskerettar og bryte folkeretten. Gjennom å leie gjevarlandsgruppa er Noreg med å gjere livet litt enklare for palestinarane, samtidig spar vi pengar inn i ein menneskeskapt humanitær situasjon som all verdas bistand ikkje kan løyse. Den vert løyst når okkupasjonen tek slutt. Noreg si rolle i gjevarlandsgruppa er og eit raust handslag til Israel. Fordi vi og resten av verda tek mange av kostnadane ved å bygge palestinsk infrastruktur og institusjonar, noko ein okkupantstat pliktar å gjere etter folkeretten, slepp Israel.

Vi tilrettelegg for okkupasjonen

Rolla vår i gjevarlandsgruppa verkar å gjere norske myndigheiter redde for både å styrke palestinarane sin posisjon gjennom å anerkjenne Palestina og å svekke Israel sin posisjon gjennom å innføre politiske og økonomiske sanksjonar mot dei. Begge desse tinga bør gjerast med det same dersom Noreg faktisk støttar ei tostatsløysing. Israel har fått straffefridom for sine systematiske brot på folkeretten lenge nok. Og om Israel ikkje godtek Noreg som leiar av gjevarlandsgruppa om vi anerkjenner Palestina eller kritisere Israel sterkare, så vil aldri gjevarlandsgruppa føre til noko løysing uansett. Å ikkje reagere tydelegare på Israel sine systematiske folkerettsbrot er ikkje å halde seg nøytral og balansert, det er å føre ein politikk som aksepterer og tilrettelegg for at Israel okkuperer Gaza og Vestbreidda.

Lat oss markere at 50 år med okkupasjon er 50 år for mykje med å legge faktisk press på Israel. Okkupasjonen tek ikkje slutt før Israel sluttar å okkupere. Vi foreslår å anerkjenne Palestina, importforbud av varer og tenester frå busettingane, næringslivstilråding som frårår økonomisk samkvem som støttar opp om busettingsverksemd og at norske oljefondsinvesteringar vert trekt ut av okkupasjonen. Vi har inga tid å miste, Børge Brende, 50 år er meir enn nok.

Relaterte saker

Innspill til partiprogrammene
18.04.2024

Krasnik tar feil om Fellesutvalget
17.04.2024

Innspillsmøte med Sosialistisk Venstreparti
11.04.2024