MENY

Foto: Annikken Nygård

Forventar at norske myndigheiter reagerer på ny israelsk innreiselov

Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga, vedtok måndag 6. mars ei lov som forbyr innreise for folk som støtter ein boikott av Israel eller av dei folkerettsstridige busettingane på okkupert jord.

Den nye lova inneber at det er forbode å gje visum eller opphaldsløyve til utanlandske statsborgarar som oppfordrar til økonomisk, kulturell eller akademisk boikott, enten det er av Israel eller busettingane som Israel har bygd på okkupert palestinsk jord. Busettingane vart seinast i desember 2016 erklært folkerettsstridige av Tryggingsrådet i FN. Lova rammar og dei som vil reise til Palestina sidan Israel kontrollerer all ferdsel inn til dei okkuperte områda.

Leiar i Fellesutvalget for Palestina, Tora Systad Tyssen, reagerer sterkt på den nye lova.

– Dette er eit grovt åtak på ytringsfridomen og noko me forventar at den norske regjeringa tek eit klart og tydeleg oppgjer med, seier ho, og legg til at:

– Å nekte nokon innreise fordi dei kritiserer Israel sine folkerettsbrot og ikkje vil bidra økonomisk til dei, syner kor redde Israel er for kritikk av det dei gjer. Istadenfor å avslutte den folkerettsstridige okkupasjonen, gje palestinarar i Israel like rettar og anerkjenne palestinske flyktningar sin rett til retur, prøver dei å stemple sine meiningsmotstandarar som antisemittar og nekte dei innreise til Israel og Palestina. For solidaritetsrørsla er dette veldig alvorleg fordi me ikkje får høve til å vitja palestinarar, oppretthalde dialog med dei og sjølv sjå kva verkelegheit Israel etablerer på bakken.

Juridisk kamp mot BDS-rørsla

Den nye lova er del av israelske myndigheiter sin diplomatiske og juridiske kamp mot BDS-rørsla. BDS står for boikott, desinvesteringar og sanksjonar av staten Israel og er svar på ei oppfordring frå 170 palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar som oppfordrar til boikott, deinvesteringar og sanksjonar. BDS-rørsla sitt krav er at Israel avsluttar okkupasjonen og koloniseringa av Vestbreidda, Gaza, Aust-Jerusalem og Golan-høgdene, gjev fulle rettar til Israel si palestinske befolkning og anerkjenner palestinske flyktningar sin rett til å vende attende.

Leiar i Palestinakomiteen i Norge, Kathrine Jensen, trekk fram viktigheta av å verne om retten til politiske ytringar og syner til eit opprop Fellesutvalget og Palestinakomiteen tok initiativ til sommaren 2016 som no er tilslutta av til saman 57 organisasjonar.

I fleire europeiske land og i USA har det vore fleire døme på åtak på og kriminalisering av BDS-aktivistar. I Frankrike har aktivistar vorte rettslig forfølgde fordi boikott av israelske varer vert rekna som rasehat. På ein israelsk anti-BDS-konferanse 28. mars i fjor i Jerusalem oppfordra den israelske etterretningsministeren Yisrael Katz til «sivile målretta elimineringar» av BDS-leiarar og aktivistar ved hjelp av israelsk etterretning.

Jensen legg til at denne lova føyer seg inn i rekka av forsøk på å kriminalisere og undergrave stemmene til dei som er kritiske til Israel sin politikk overfor palestinarar, og meiner at Israels premiss om at støtte til palestinarane sine menneskerettar eigentleg handlar om hat mot jødar, vitne om kor desperat dei er i sin argumentasjon.

– Den er både ei utviding og formalisering av ein allereie eksisterande praksis der folk meir eller mindre vilkårlig blir nekta innreise med bakgrunn i deira politiske meiningar. Slikt er ikkje ein demokratisk rettsstat verdig, og me vil gjerne vite kva norske styresmakter meiner om dette angrepet på ytringsfridomen.

Norske politikarar vert ramma

Øystein Grønning,  leiar i AKULBI (Samordningskomiteen for akademisk og kulturell boikott av staten Israel) seier at den nye lova rammar ei lang rekkje norske politikarar direkte.

– Både Tromsø og Trondheim kommunestyre har vedteke at byane ikkje skal kjøpe varer eller tenester frå det folkerettsstridige israelske busettingane på palestinsk land. Lova gjer det no ulovleg å la dei komme inn i Israel, eller reise gjennom Israel for å komme til Palestina. Det er en situasjon den norske regjeringa bør seie noko om, da lova direkte rammar ikkje berre norske borgarar generelt, men politikarar som tek del i det norske demokratiet særskilt. Eg forventar at det no kjem fråsegner mot den nye lova frå ansvarleg politisk hald.

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024