Fellesutvalget for Palestina kritiserte regjeringa sitt forslag om å nekte støtte til organisasjonar som fremjar BDS i høyring om statsbudsjettet i forsvars- og utanrikskomiteen.
Skjermdump: Stortinget.no
Sjå innlegget på Storting-TV her.
Les statsbudsjettet her.
Skriftleg innlegg frå Fellesutvalget for Palestina til forsvars- og utanrikskomiteen om regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018.
Budsjettkapittel 170, post 75 – Overføring til UNRWA
Då regjeringa skulle rapportere til Stortinget for innsatsen deira i FN i 2016 skreiv dei at ”det var mykje fokus på den økonomiske situasjonen til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), som framleis er krevjande. Som rapportør for arbeidsgruppa til FN om finansiering av UNRWA medverka Noreg til å synleggjere dei økonomiske utfordringane for UNRWA.” Dette er ei økonomisk utfordring som regjeringa har vore med å gjere verre etter at dei kutta støtta til UNRWA med 37,5 millionar på budsjettet for 2016 frå 150 millionar til 112,5 millionar. Kuttet vart redusert til 25 millionar på 2017-budsjettet slik at den totale overføringa er planlagd å vere 125 millionar. Forslag til statsbudsjett for 2018 legg seg på same nivå, 125 millionar.
Fellesutvalget for Palestina oppfordrar til at støtta til UNRWA vert heva til 150 millionar att.
Mange av dei palestinske flyktningane sit i leirar i Jordan, Syria og Libanon, land som no vert prioritert grunna den ”ekstraordinære og asymmetriske flyktningebyrden”. Dette hjelper ikkje nødvendigvis dei palestinske flyktningane. Mange av dei er hamna på flukt igjen grunna borgarkrigen i Syria, men har ekstra utfordringar sidan dei ikkje har syrisk pass og dei alt i utgangspunktet er avhengig av UNRWA for å få dekka grunnleggande behov fordi dei vert nekta retten til retur. Hoveddelen av dei 438 000 palestinske flytkningane som er att i Syria har vorte fordrevne iallfall ein gong i Syria, 95 prosent av dei har eit kontinuerleg behov for humanitær hjelp. Både Jordan og Libanon har stengt grensene sine for palestinske flyktningar frå Palestina.
Totalt sett veit vi at berre 51 prosent av det humanitære behovet til dei 5,15 millionar palestinske flyktningane UNRWA har ansvar vert dekka, ifølge Flyktningehjelpa. UNRWA melder om eit finansieringsgap på over 300 millionar amerikanske dollar for palestinske flyktningar i Syria. Difor må kuttet i den norske støtta reverserast.
Budsjettkapittel 152, post 78 – Regionsløyving for Midtausten og Nord-Afrika (Palestina)
Fellesutvalget for Palestina har tidlegare kritisert regjeringa for manglande bruk av politiske og økonomiske verkemiddel for å få Israel til å avslutte okkupasjonen av Vestbreidda, Gaza og Aust-Jerusalem, presse Israel til å følge folkeretten og sikre oppfylling av palestinarane sine menneskerettar.
Bistand til Palestina er nødvendig grunna den prekære humanitære situasjonen på Gaza og sidan palestinarar i dei okkuperte områda ikkje får dekka sine grunnleggande behov eller oppfylt sine menneskerettar grunna okkupasjonen. Israel tek ikkje sitt ansvar etter folkeretten som okkupant for å dekke desse behova. Likefullt vil ikkje bistanden bidra til faktisk endring på bakken før ein får ei politisk løysing kor den israelske okkupasjonen vert avslutta og palestinarane får like rettar og like moglegheiter. Som regjeringa skriv i budsjettet er det ikkje høve til å sikre eit bærekraftig økonomisk grunnlag for ein palestinsk stat utan betydelege lettingar i dei restriksjonane Israel har sett i verk i dei okkuperte områda. Fellesutvalget for Palestina etterlyser difor igjen sterkare vilje frå regjeringa og Stortinget til å sjå politiske og økonomiske pressmiddel mot Israel for å avslutte okkupasjonen som nødvendig for å sikre palestinarane ein bærekraftig økonomi og tilgong til sine menneskerettar. Det held ikkje at palestinarane får tilgong til C-områda og at det vert færre handelsrestriksjonar inn og ut av Gaza og Vestbreidda, som skrive i budsjettforslaget. Den palestinske økonomien vil først verkeleg styrkast når okkupasjonen avsluttast. Vi er og kritiske til det einsidige fokuset på tostatsløysinga all den tid den israelske busettingsverksemda og annonsert annektering av busettingar kring Jerusalem gjer ei slik løysing stadig mindre realistisk.
Regjeringa melding at den norske budsjettstøtta til PA er gjenstand for gjennomgang i 2017. Dette er positivt og vi håpar at dette kan bidra til å sjå behovet for utvida bruk av verkemiddel i norsk politikk retta mot Palestina og Israel.
Fellesutvalget for Palestina er kritisk til at det på tampen av posten vert understreka spesifikt at det ikkje er ”i tråd med norsk politikk å støtte organisasjoner som har uttrykt hovedformål å fremme BDS-kampanjen”. Regjeringa er ikkje prinsipielt imot bruk av boikott, desinvesteringar og sanksjonar som politiske verkemiddel, så kvifor Israel vert singla ut som eit land som skal vere beskytta mot slike tiltak er uklart. Israel bryt folkeretten og palestinske menneskerettar systematisk i utstrakt grad. At organisasjonar som brukar fredlege midlar for å legge press på Israel for å avslutte sine folkerettsbrot og ikkje bryte palestinske menneskerettar ikkje skal kunne få støtte frå det norske utanriksdepartementet, er vi sterkt kritiske til.
Vi ber difor komiteen om at i deira merknadar om budsjettet for 2018:
– Ber regjeringa stryke formuleringa: ”Det er heller ikke i tråd med norsk politikk å støtte organisasjoner som har uttrykt hovedformål å fremme BDS-kampanjen (Boikott, Desinvesteringer og Sanksjoner). Regjeringen er imot boikott av Israel. Boikott skaper avstand, og Regjeringen tror i stedet på dialog og samarbeid for å skape tillit som en forutsetning for å løse konflikten mellom israelere og palestinere.”
Budsjettkapittel 160, post 70 – Sivilt samfunn
Når det gjeld informasjonsstøtta sluttar Fellesutvalget for Palestina seg til RORG-samarbeidet sitt innspel om at:
Les meir om kva som står om Palestina i statsbudsjettet her.
Publisert
07.11.2017