Fellesutvalget for Palestina krev sterkare reaksjonar frå den norske regjeringa på Israel sin valdsbruk mot mannskapet på Kårstein.
Fråsegn vedteken av representantskapet i Fellesutvalget for Palestina 23. august.
Søndag 29. juli kapra israelske soldatar det norske skipet Kårstein/al-Awda i internasjonalt farvatn og banka opp og kidnappa det norske og internasjonale mannskapet ombord. Soldatane brukte slag, spark og elektrosjokk mot mannskapet og truga dei med avretting. Båten, som var lasta med medisinsk utstyr, vart taua til Ashdod i Israel. Mannskapet vart haldne i fleire dagar før dei vart deportert attende til heimlanda sine.
Båten er eigd av Ship to Gaza Norway og del av Freedom Flotilla Coalition, eit initiativ for praktisk solidaritet med sivilbefolkninga i Gaza. Organisasjonen er religiøst uavhengig og partipolitisk nøytral og arbeider for at folkeretten og skal vere gjeldande på Gaza-stripa. Gjennom å bryte den ulovlege israelske sjøblokaden av Gaza vil dei rette merksemd på den prekære humanitære situasjonen på Gaza og syne korleis Israel opprettheld ein folkerettsstridig land-, luft- og sjøblokade av Gaza på 12. året.
Det er i strid med folkeretten å kapre eit skip i internasjonalt farvatn. Den norske utanriksministeren Ine Eriksen Søreide vel likevel å forsvare framferda til det israelske militæret og hevdar det ikkje utan vidare kan leggast til grunn at den israelske sjøblokaden i seg sjølv er i strid med folkeretten, utan vidare grunngjeving. Ho meiner Israel såleis har rett til å stanse og oppbringe skip som forsøker å bryte sjøblokaden, og på ope hav. Eit uavhengig panel av folkerettsekspertar leverte i 2011 ein rapport til FN sitt menneskerettsråd som sa at blokaden er eit brot på folkeretten.
Fellesutvalget for Palestina krev:
Publisert
24.08.2018