MENY

Foto: Kirsti Næss

Dansk pensjonsfond trekk seg ut av fire okkupasjonsselskap

Men det norske oljefondet opprettheld investeringar i selskap og bankar som tener på den israelske okkupasjonen.

I januar kom det danske media- og researchsenteret Danwatch med rapporten ”Forretning på forbudt land” som synte at dei fem største europeiske pensjonsfonda i Europa har investert 7,5 milliardar euro i selskap som tener på den israelske okkupasjonen.

Den danske rapporten kartla og investeringane til danske pensjonsfond. Som eit resultat trekk no det tredje største pensjonsfondet i Danmark, Sampensjon, seg ut av fire selskap som tener på okkupasjonen. I ei pressemelding frå 2. oktober skriv dei at: 

”På baggrund af vores nye politik har vi kigget nærmere på, om der er selskaber i aktieporteføljerne, der optræder i Vigeo Eiris’ BIOL-database (Business in Occupied Lands). Resultatet blev, at to israelske banker, Hapoalim og Leumi, samt Heidelberg Cement og Bezeq er nu sat på eksklusionslisten for finansiering af bosættelser og for udvinding af naturressourcer og etablering af infrastruktur til telekommunikation i besat område”.

Sampensjon vil i tillegg til uttrekk frå dei fire selskapa, opprette dialog med ytterlegare seks internasjonale selskap om deira aktivitet i israelske busettingar “der strider mod internationalt anerkendte principper”. Det skriv Danwatch. 

Dette er selskap som det norske Statens Pensjonsfond Utland framleis er investert i.

Danwatch sin rapport frå januar syner at den desidert største investoren i okkupasjonen av dei europeiske pensjonsfonda var Statens pensjonsfond Utland. Tilsaman har fondet 5,2 milliardar euro investert i slike selskap. Dette er ei investering finansminister Siv Jensen ikkje vil beklage.

På eit skriftleg spørsmål frå Snorre Serigstad Valen frå Sosialistisk Venstreparti i mars om Danwatch sin rapport forsvarte ho den norske investeringsportefølgen og skreiv mellom anna at:

– Jeg mener vi har et godt rammeverk for ansvarlig forvaltning av våre felles sparepenger i SPU.

Les heile svaret frå Siv Jensen her.

I forrige veke kom organisasjonen Human Rights Watch med ein rapport som syner korleis israelske bankar krenkar palestinarane sine menneskerettar og folkeretten ved å låne pengar til nye byggeprosjekt som sementerer okkupasjonen av palestinsk land. Investeringar i okkuperte området er og problematiske fordi norske oljepengar vert investert i folkerettsstridige busettingar som undergrev den offentlege norske politikken med å arbeide for ei tostatsløysing.

 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024