MENY

Bli med på studietur til Palestina og Israel

16.-23. mars 2019 reiser vi på ny spanande studietur til Israel og Palestina. Bli med!

På turen planlegg me å møte ulike mennesker og organisasjonar og besøke ulike stadar i Palestina (Vestbreidda og Aust-Jerusalem) og Israel. Målet med turen er å gje eit usminka bilete av korleis kvardagen for det palestinske folket under den israelske okkupasjonen er.

Me reiser mellom anna til Jerusalem, Betlehem, Nablus, Hebron, Ramallah, Jordandalen, Qalqylia og Yaffa/Tel-Aviv. Me opplever korleis muren hindrar palestinarane sin tilgong til jorda si og til å reise, me lærer om palestinske flyktningar sin situasjon og besøker flyktningeleirar. Me møter palestinarar som opplever stadig busettarvald og trakassering frå israelske soldatar og syner korleis busettingane stel jord og livsgrunnlag frå palestinarar. Me besøker organisasjonar og fagrørsle som på ulike måtar jobbar mot okkupasjonen med fredlege middel. I tillegg besøker vi mange av dei religiøse destinasjonane som gjer at mange kjenner tilknyting til området, mellom anna Klagemuren, Haram ash-Sharif, Fødselskyrkja og Gravkyrkja.

Turen gir eit unikt høve til å møte palestinarar og høyre frå dei sjølve korleis livet og kvardagen er, i tillegg til å sjølvsagt ete smake god palestinsk mat, øl og vin og lære meir om den palestinske kulturen.

Sjå bilete frå ein tidlegare studietur i biletserien under.

 

Turen er samtidig som Palestine Marathon, ein stor folkefest i Betlehem, så dei som har lyst å delta på det har høve. Det går an å springe, gå eller lunte 42, 21 eller 10 kilometer. Det er og veldig lov å berre sjå på og heie. Kjekt er det uansett.

Me lagar eit program som me meiner skal kunne vere til interesse for mange og tek gjerne imot innspel om det er særskilde plassar de vil besøke. Me vil gjerne sette søkelys på aktuelle problemstillingar og vil prøve å inkludere tema som israelsk fordriving av palestinarar frå Jerusalem, norsk-israelsk petroleumssamarbeid og forskingssamarbeid om våpen- og militærteknologi dersom det er interesse fra deltakarne for det.

Studieturane er hovedsakleg meint for medlemmer i Fellesutvalget sine medlemsorganiasjonar, men andre kan og melde seg på. Sjå i fana til høgre for meir praktisk informasjon om pris.

Påmeldingsfrist for turen er 20. januar 2019.

Har du spørsmål eller vil melde deg på, send ein epost til tora@palestina.no eller ring på 47 33 44 43.

Relaterte saker

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023

Faner for fred
24.11.2023

Fra Oslo til apartheid – Palestinakonferansen 2023
24.08.2023

Studietur med Fellesutvalget for Palestina

  • Reise til Israel og Palestina 16.-23. mars 2019.
  • Pris mellom 11 000 og 13 000 kroner i dobbeltrom.
  • Enkeltromstillegg på kring 1500 kroner.
  • Prisen inkluderer flyreise t/r, hotellovernatting, frukost, lunsj, guida turar og transport i Israel og Palestina.
  • Det er med norsk reiseleiar frå Fellesutvalget for Palestina.