MENY

Kom på Palestinakonferanse 31. oktober

Kva bør norsk fagrørsle og den norske regjeringa gjere no for å bidra til ei framforhandla politisk løysing i Palestina og Israel? Det er spørsmålet på årets Palestinakonferanse 31. oktober på Vega Scene i Oslo.

Sidan Oslo-avtalen vart underskriven for 25 år sidan har norsk politikk mot Israel og Palestina låge meir eller mindre fast trass skiftande regjeringar. Vi har leia gjevarlandsgruppa (AHLC), hatt Palestina som ein av dei største mottakarane av norsk bistand og ikkje brukt økonomiske sanksjonar mot Israel. Noverande regjering seier i Granavolden-erklæringa at den vil styrke bandet til Israel på ei rekke felt. Samtidig held Israel fram med folkerettsbrot og trugar no med å annektere store deler av Vestbreidda.

Vi vil då stille spørsmål om auka dialog og samarbeid burde vere det norske svaret på Israel sine folkerettsbrot og krenkingar av palestinske menneskeretter, eller om det finst andre utenrikspolitiske verkemiddel tilgjengelig som vil vere betre for å skape ei fredleg løysing på bakken?

Norsk fagrørsle har gjennom fleire tiår vore ei drivande kraft i norsk Palestina-solidaritet og utviklinga av norsk politikk på Israel og Palestina. Vi vil på konferansen løfte fram kva fagrørsla har fått til og spør kva den bør gjere framover for å drive politikken vidare?

PROGRAM
08.30 Enkel frukost og kaffi

09.00 Velkommen

09.05-09.30 Innleiing ved Jørgen Jensehaugen, seniorforsker ved PRIO: Palestina, Israel og den internasjonale utviklinga – Kva skjer no?

09.30-10.15 Panelsamtale om norsk fagrørsle og Palestina/Israel: Kva har fagrørsla betydd for norsk politikk på Israel og Palestina og kva bør den gjere framover?

Paneldeltakarar:
Ingunn Gjerstad, leiar i LO i Oslo
Jan Olav Andersen, leiar i EL og IT Forbundet
Petter Thoresen, leiar i fagleg utval i Palestinakomiteen
Odd-Haldgeir Larsen, nestleiar i Fagforbundet

Ordstyrar: Helge Rønning Birkelund, Fri Fagbevegelse

10.15-10.30 Pause

10.30-11.15 Debatt med stortingspolitikarar: Kva bør vere den norske regjeringa sitt svar på Israel sine krenkingar av folkeretten og korleis kan Noreg bidra til ei fredleg framforhandla løysing på bakken?

Paneldeltakarar:
Petter Eide, stortingsrepresentant for SV, leiar av Palestinas venner på Stortinget
Åsmund Aukrust, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
Syver Zachariassen, fylkessekretær for Senterpartiet i Akershus
Ingjerd Schou, stortingsrepresentant for Høgre, medlem av Israels venner på Stortinget

Ordstyrar: Martine Kopstad Floeng

STAD: Vega scene, Hausmannsgate 28, Oslo sentrum. Klikk her for kart. 

Arrangementet er gratis og opent for alle, men vi set pris på om du melder deg på via denne linken: https://forms.gle/sSjHFeTrwg4x2SRF9

Du kan og finne og dele arrangementet på Facebook. 

Konferansen vert arrangert med støtte frå Norad og Fritt ord.

Relaterte saker

Palestinakonferansen 2024: Hva kan Norge gjøre?
26.09.2024

Søndag 28.4 kl 14 utenfor Stortinget
20.04.2024

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023