MENY

Foto: Annikken Nygård

Vi krev at EU ikkje finansierer israelsk militærteknologi

EU og Noreg finansierer og dreg nytte av utviklinga av israelsk militærteknologi. Det er ikkje greit.

EU har i mange år finansiert forsking på tryggleiksindustri. Det overordna EU-budsjettet for tryggleiksforsking har tredobla seg frå 1,4 milliardar euro i den forrige budsjettperioden til 3,8 milliardar for perioden 2014-2020. Europeiske skattebetalarar sine pengar vert kanalisert til militære selskap, blant dei israelske selskap, under dekke av å drive forsking og ein lovnad om at teknologien og teknikkane ein utviklar berre er til sivil bruk.

Ein av måtane våpen- og tryggleiksselskap får tilgang til EU-midlar er gjennom det EU-programmet for forsking og innovasjon, Horizon 2020, kor og Noreg er med.

Sjølv om midlar frå fondet skal gå til sivile formål vert forskinga og nytta til å mogleggjere og effektivisere Israel sin okkupasjon av, militære åtak på og undertrykking av palestinarane. Mellom anna er det påvist at dei israelske selskapa Elbit Systems og Israeli Aerospace Industries har fått finansiert militær forsking på produkt som er testa i dei okkuperte palestinske områda.

Sjølv om EU hevdar at midlane berre har gått til prosjekt med sivile formål, er mange av prosjekta basert på fleirbruksteknologi som og tener militære formål. Fleire andre prosjekt vert nytta til å innskrenke rettane til flyktningar og til å militarisere samfunna våre. EU sitt samarbeid med israelske militære selskap er bevis på at fleirbruksteknologi gjennomgåande støttar opp om militære formål.

Isaac Ben-Israel, styreleiar i Israel Space Agency, legg ikkje skjul på det og har uttala at:

because we are a small country, if you build a small-satellite production line, say at IAI, it will be used for military and for commercial purposes.”

Det er fleire indikasjonar på at EU sin grensekontrollpolitikk er bygd på prinsipp og teknologi som bryt med menneskerettane. Israelske selskap sel teknologi med lovnad om at det er ”testa i felt” under ulovlege aksjonar. Grensekontrollteknologien er utvikla for å kunne støtte opp om okkupasjonen og kolonialiseringa av Vestbreidda og Gaza. Gjennom å handle teknologi frå selskap som utviklar dette tek ikkje EU innover seg dei grove krenkingane denne teknologien er utvikla på grunnlag av, stikk i strid med EU sitt eige regelverk.

I juli 2017 kom 25 folkerettsekspertar med ei juridisk vurdering av Horizon 2020 sitt LAW TRAIN-prosjekt. Det er bygd på samarbeid mellom israelsk politi, som har ein lang historie med tortur og andre menneskerettskrenkingar, og tryggleiksdepartement, europeisk politi, europeiske universitet og private selskap. LAW TRAIN har som mål å harmonisere og dele forhøyrsteknikkar mellom dei ulike deltakarlanda. I rapporten understrekar ekspertane behovet for å ekskludere aktørar som beviseleg er involvert i systematiske krenkingar av menneskerettane. Gjennom å finansiere slike prosjekt overser EU grove krenkingar av folkeretten og menneskerettane, både innanfor og utanfor eigne grenser. Belgia og Portugal har trekt seg ut av prosjektet.

No er ei rekke europeiske fagforbund, organisasjonar og nettverk gått saman om eit opprop som krev EU stansar finansiering av slikt forskingssamarbeid. Fellesutvalget er med på oppropet.  Les oppropet her.

Våre krav til EU er:

  1. At EU sine rammeverkprogram berre vert brukt til forsking på sivil tryggleik og fred. Det ekskluderer all forsking på grenseovervaking og fleirbruksteknologi. Vi krev og at ein unngår einkvar link mellom rammeverkprogram og the Common Security and Defence Policy (CSDP), særleg the EU Defence Agency (EDA).
  2. At alle israelske militær- og tryggleiksselskap vert umiddelbart utestengd frå EU sine rammeverkprogram. Analyse av tidlegare prosjekt syner at deira deltaking i slike program gjer at EU tener på og støttar opp om utviklinga og legitimering av teknologi og metodologi brukt av Israel til krigsforbrytingar og krenkingar av menneskerettane.
  3. At ein sikrar innsyn og demokratisk kontroll over EU-forskingsprosjekt sine årlege utlysingar av midlar.

Les også: Slik hamnar norske våpen i det israelske militæret. 

 

Relaterte saker

Statsbudsjettet 2025: FuPs høringsinnspill
21.10.2024

Oljefondet må ut av selskaper som støtter opp om den israelske okkupasjon
02.10.2024

1. mai for Palestina
05.05.2024