MENY

Foto: Kirsti Næss

Markering: Ingen palestinske barn i israelske fengsel

16 år gamle Ahed Tamimi og 300 andre palestinske barn sit i israelske militærfengsel. Det er ikkje til å tåle! Møt opp på markering framfor den israelske ambassaden i Oslo fredag 26. januar

Fredag 26. januar klokka 17 arrangerer Fellesutvalget for Palestina og Palestinakomiteen ei markering framfor den israelske ambassaden i Oslo for å støtte 16 år gamle Ahed Tamimi som sit fengsla i eit israelsk militærfengsel.
Ho har 12 tiltalar mot seg og vert nekta lauslaten mot kausjon.
Parolen for markeringa er:
Sett Ahed Tamimi fri – ingen palestinske barn i israelske fengsel. 
 
Ahed Tamimi vart arrestert natt til 19. desember etter at ho eit par dagar tidlegare hadde dytta til ein israelsk soldat som tok seg inn i hagen til familien hennar i Nabi Saleh. Dette skjedde like etter at ho hadde fått vite at fetteren hennar var hardt skadd etter å ha blitt skoten av ein israelsk soldat. Tamimi-familien har ein lang historie som menneskeretts- og fridomsaktivistar. Du kan lese meir om Ahed her.
Ahed er ikkje aleine om å vere eit palestinsk barn fengsla i israelske militærfengsel. Ifølge den israelske menneskerettsorganisasjonen B’Tselem var det 300 palestinske born i israelske militærfengsel i byrjinga av januar. Dette er eit grovt overgrep mot desse barna som sit innesperra på ubestemt tid og eit brot på FN sin barnekonvensjon som skal beskytte born mot mishandling når dei er i kontakt med militære og jurisdiske institusjonar.
Du finn meir informasjon på Facebook. 

Arrangørar:
Palestinakomiteen og Fellesutvalget for Palestina.
Tilslutta organisasjonar:
Aftenpostens grafiske klubb
Arbeidernes ungdomsfylking (AUF)
BDS Norge
Den Kvinnelige Arabiske Union i Norge
EL & IT Forbundet
Fagforbundet
Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere (FO)
Feministisk initiativ Oslo
Handel og Kontor i Norge
Handel og Kontor Oslo / Akershus
Industri Energi
KFUK-KFUM Global
LO i Oslo
Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund Oslo og Akershus (NNN OA)
Norges Handikapforbund (NHF)
Norsk Folkehjelp
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdommen
Norges Kommunistiske Parti (NKP)
Norges Kristelige Studentforbund (NKSF)
Norsk Jernbaneforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
MOTforestillinger
Oslo Bygningsarbeiderforening
Oslo Grafiske Fagforening
Palestinakomiteen i Norge
Palestine Network Norway
Palestinsk Kvinneforening
Press
Rødt
Rød Ungdom (RU)
Samordningskomiteen for akademisk og kulturell boikott av staten Israel (AKULBI)
Sosialistisk Ungdom
Sosialistisk Venstreparti (SV)
TeoLOgene
Ungkommunistene i Norge
Vil organisasjonen din tilslutte seg? Send en epost til tora@palestina.no
Vel møtt!

Relaterte saker

Palestinakonferansen 2024: Hva kan Norge gjøre?
26.09.2024

Søndag 28.4 kl 14 utenfor Stortinget
20.04.2024

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023