MENY

Kvifor bør ikkje Noreg samarbeide militært med Israel?

Velkommen til ope møte med israelske og palestinske menneskerettsaktivistar 25. september på Tøyen.

Måndag 25. september kl. 15-16 inviterer KFUK-KFUM Global, Kvekerhjelpa og Fellesutvalget for Palestina til eit ope møte med menneskerettsaktivistane Sahar Vardi og Amany Abu Awad. Møtet vert i 7. etasje i Kolstadgata 1 på Tøyen (Frivillighetshuset/ Aktivitetshuset K1).

Begge har hatt oppveksten sin og ungdomstida påverka og dominert av okkupasjonen. Sahar som israeler som vart fengsla fordi ho nekta å tene i militæret, Amany som palestinar som vaks opp i Betlehem på den okkuperte Vestbreidda. På møtet vil dei innleie om kvifor det er viktig å sikre at Noreg ikkje bidreg til Israel sine folkerettsbrot og krenking av palestinske menneskerettar gjennom våpenhandel og militært samarbeid med Israel.

Det vert høve til å stille spørsmål og diskutere med aktivistane.

 

Amany Abu Awad er palestinar og arbeider hos YWCA (KFUK) i Geneve. Ho vaks opp i Beit Jala og studerte engelsk litteratur og oversetting ved universitetet i Betlehem. Som del av ei studentgruppe ho var med i haldt ho innleiingar for utlendingar som besøkte universitetet. Ho har og vore aktiv i KFUK sitt arbeid og i andre ungdomsgrupper som Young Arab Voices debate club og Youth for change.

 

Sahar Vardi er ein israelsk menneskerettsaktivist. Ho nekta å tene i militæret og vart fengsla i 2008. Sidan har ho vore aktiv i New Profile, ei gruppe som arbeider mot militariseringa av det israelske samfunnet. Ho arbeider i American Friends Service Committee i Jerusalem og er aktiv i Boycott from Within, ei gruppe israelske aktivistar som støttar den palestinske oppfordringa om boikott av Israel. Særleg jobbar Sahar mot husøydeleggingar, barnearrestasjonar og diskriminering i Aust-Jerusalem.

 

Tid: Måndag 25. september kl.15-16.
Kor: 7. etasje i Kolstadgata 1 (Frivillighetshuset/ Aktivitetshuset K1). Ring Tora Systad Tyssen på 47 33 44 43, dersom du ikkje finn fram.

Amany og Sahar er i Noreg som ein del av Kyrkjeveka for fred i Israel og Palestina.
Dei skal mellom anna delta på Kulturkveld: Å vokse opp under okkupasjon og militærmakt tysdag 26. september.

Relaterte saker

Palestinakonferansen 2024: Hva kan Norge gjøre?
26.09.2024

Søndag 28.4 kl 14 utenfor Stortinget
20.04.2024

Hele landet for fred i Gaza
13.12.2023