MENY

Foto: Kiristi Næss

12 år med BDS-sigrar

I sommar var det 12 år sidan det palestinske sivilsamfunnet ba det internasjonale samfunnet boikotte, deinvestere og sanksjonere Israel. Vi markerer 12 viktige år med å trekke fram 12 viktige sigrar.

9. juli 2005 gjekk over 170 palestinske sivilsamfunnsgrupper saman om tre krav:

1. Ein slutt på den israelske militærokkupasjonen av Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem og riving av den israelske muren.
2. Ein slutt på det institusjonaliserte og legaliserte systemet med rasistisk diskriminering av palestinarar med israelske statsborgarskap.
3. At palestinske flyktningar sin rett til retur vert respektert.

Inspirert av den sør-afrikanske rørsla mot apartheid og den amerikanske borgarrettsrørsla oppfordrar dei difor det internasjonale samfunnet til å boikotte, deinvestere frå og sanksjonere Israel (gjerne forkorta BDS). Gjennom å boikotte og trekke seg ut frå institusjonelt samarbeid innan akademia, kultur, økonomi og sport og gjennom å iverksette effektive sanksjonar mot Israel vil ein presse landet til å følge følge folkeretten og handheve menneskerettane.

Eit vell av internasjonale aktørar, organisasjonar, fagforeiningar og politikarar har støtta opp om BDS og har lukkast legge viktig press på Israel. Her er 12 viktige sigrar frå dei 12 første åra:

  1. Ein FN-rapport konkluderte med at Israel har påført det palestinske folket eit apartheid-system og oppfordra til BDS-tiltak for å få slutt på dette apartheid-regimet.
  2. Mennonitt-kyrkja i USA har gått inn for å trekke ut investeringar frå selskap som tener på den israelske okkupasjonen. Dette kjem etter at fleire store kyrkjesamfunn har gjort det same dei siste åra, mellom anna den presbyterianske kyrkja i USA, metodistkyrkja i USA og The United Church of Christ. Mennonitt-kyrkja oppfordrar og deira medlemmer til å boikotte produkt frå israelske busettingar på okkupert palestinsk jord.
  3. Sigrar for retten til å boikotte: (1) Det spanske parlamentet har bekrefta at retten til å slost for palestinske rettar gjennom BDS er beskytta av ytringsfridomen. (2) Den britiske regjeringa tapte i retten mot The Palestine Solidarity Campaign. Kjenninga sa at det er ulovleg for styresmaktene å avgrense lokale myndigheiter sin rett til å trekke investeringar ut frå selskap som er medskuldige i Israel sine brot på palestinske menneskerettar. (3) Den sveitiske parlamentet blokkerte israelske lobbyforsøk på å kriminaliserte støtte til BDS.
  4. Norske LO, som representerer nær ein million arbeidstakarar, har gått inn for støtte til ein internasjonal akademisk, kulturell og økonomisk boikott av Israel.
  5. Den libanesiske legeforeninga har droppa samarbeid med G4S, verdas største private tryggingsselskap, etter ein kampanje frå boikottaktivistar i Libanon. G4S er medskuldig i Israel sine brot på palestinske menneskerettar gjennom mellom anna å tilby tryggingssystem til israelske fengsel kor palestinske mindreårige vert utsett for systematisk mishandling og kor fangar vert haldne utan dom. Det var og ei ecuadoriansk forskingsinstitutt som droppa samarbeid med G4S etter ein BDS-kampanje. Og i California i USA valde lokale transportmyndigheter å avslutte kontrakta si med G4S etter trykk frå ein koalisjon av menneskeretts- og arbeidarrettsgrupper. Og i Noreg har det vore gjennomslag for kampanje mot G4S. I 2013 gjekk 18 norske organisasjonar saman i ei nasjonal kampanjeveke mot G4S sine bidrag til folkeretts- og menneskerettsbrot i Israel og dei okkuperte palestinske områda. Ved hjelp av langsiktig kampanjearbeid lukkast ein å skape merksemd kring selskapet sitt bidrag til okkupasjonen og dei tapte fleire kontraktar. I oktober 2013 kom det melding om at G4S Norge vart kjøpt opp av NOKAS.
  6. Det største israelske kollektivtransportselskapet fekk ikkje ei kontrakt verd 190 millionar euro til å drive offentleg kollektivtransport i Nederland.
  7. Bystyret i Barcelona har utvikla etiske retningsliner for innkjøp som ekskluderer selskap involvert i den israelske militærokkupasjonen. Det siste året har fleire lokale myndigheiter i Spania erklært seg sjølv som apartheidfrie soner.
  8. Ein koalisjon av palestinske kristne organisasjonar ba Verdas kyrkjeråd om å støtte den internasjonale BDS-rørsla.
  9. Ei boikottbølge råka Tel Aviv International LGBT Film Festival. Fleire artistar frå verda over tok oppfordringa om boikott frå det palestinske kulturlivet og deltok ikkje på festivalen. Blant dei som trakk sine bidrag var ein sør-afrikansk filmskapar som eigentleg skulle hatt opningsfilmen på festivalen.
  10. To chilenske universitet avlyste arrangement som vart sponsa av den israelske ambassaden og ulike studentparlament i USA har tilslutta seg ulike BDS-tiltak.
  11. Seks av 11 amerikanske NFL-spelarar takka nei til ein propaganda-tur til Israel med alle utgifter dekka. Israelske myndigheiter tilbyr slike turar til kjendisar for å betre eige omdømme, men stadig fleire takkar nei til å verte brukt for å skjønnmale Israel sine folkerettsbrot.
  12. BDS-kampanjen veks blant palestinarar med israelsk statsborgarskap Saman med BDS-aktivistar i Sør-Korea har The BDS Commitee of Palestinian Citizens of Israel (BDS48) lansert ein kampanje for å boikotte og trekke investeringar frå Hyundai Heavy Industries fram til selskapet sluttar å medverke til Israel sine brot på palestinske menneskerettar, særleg i Jerusalem og Negev.

Lista er sett saman av The Palestinian BDS Commitee. 

Relaterte saker

Ny daglig leder
14.03.2024

Stopp krigen! Stopp blokaden!
01.03.2024

Vi søker daglig leder! 
17.01.2024