MENY

Foto: Synne Dahl

50 år med motstand

- 50 år med okkupasjon er og 50 år med palestinsk, internasjonal og norsk motstandskamp mot den, sa leiar i Fellesutvalget Tora Systad Tyssen i sin appell på markeringa av at den israelske okkupasjonen er 50 år.

Appell frå Tora Systad Tyssen, leiar i Fellesutvalget for Palestina, på markering av at den israelske okkupasjonen av Palestina er 50 år 10. juni. 

50 år for mykje.

50 år for mykje med ein brutal militærokkupasjon som fråtek palestinarane menneskerettane deira, jorda deira, vatnet deira, heimane deira, ungane deira, sjølvråderetten deira, framtida deira. Ein okkupasjon kor israelske myndigheiter systematisk bryt folkeretten og det internasjonale samfunnet let dei sleppe unna med det.

50 år for mykje. 127 busettingar for mykje. Over hundre utpostar for mykje. 750 000 busettarar for mykje. 1,8 millionar palestinarar innesperra i Gaza for mykje. 6,5 millionar palestinske flyktningar for mykje. 319 palestinske barn i israelske militære fengsel for mykje

I møte med den israelske okkupasjonen av Palestina er det lett å late seg tynge ned.

Det er 50 år med overgrep og vald.

Men det er og 50 år med sumud, standhaftig og fredleg palestinsk motstands- og frigjeringskamp. Det er 50 år med palestinarar som held fram å beite sauene sine sjølv om jordbrukslandet deira vert mindre og mindre, held fram å stelle oliventrea sine sjølv om det er stadig færre av dei, held fram å bygge opp att huset sitt sjølv om det israelske militæret kjem og riv det ned att, held fram å drøyme om ei betre framtid for ungane sine sjølv om dei veit kor tøff den verda dei veks opp i er.

Det er og 50 år med at stadig fleire ser at det som skjer ikkje er ei konflikt mellom to land, det er eit militært overlegent land som okkuperer eit anna og prøver å drive innbyggarane der vekk gjennom å nekte dei grunnleggande menneskerettar og bryte folkeretten.

Det er 50 år med palestinarar som ikkje sluttar å rope ”stans okkupasjonen” og ”fritt Palestina”.

Det er 50 år med at stadig fleire av vennene deira kring i verda høyrer ropa deira og ropar med dei.

Det er 50 år med fagforeningar, solidaritetsrørsler, parti og medmennesker som ser kva som skjer og som reagerer. Vi har ein Palestinakomite i Noreg som om to år feirer 50 år, som har stått last og brast med palestinarane heile vegen. Vi har ei fagrørsle i Noreg som står skulder til skulder med sine palestinske kameratar og som nyleg har vedteke støtte til ein internasjonal boikott av Israel. Vi har ein flokk med ungar som flyg dragar i palestinske fargar. Dei flyg kanskje ikkje så høgt at dei kan sjå den bak muren på Vestbreidda, bak blokkaden i Gaza, i flyktningeleirane i Libanon, Syria og Jordan, men når vi fyller himmelen med palestinske dragar hyller vi den kampen dei slost for fridomen sin og framtida si.

Vi står med dei. Og no, når vi har ei regjering i Noreg som knyt stadig sterkare band til Israel sluttar vi ikkje å protestere. Å kreve handling. Å kreve økonomiske og politiske sanksjonar av Israel for deira folkerettsbrot. Det held vi fram å gjere fram til presset på Israel er for stort og okkupasjonen tek slutt. Det skal den gjere snart, fordi 50 år med okkupasjon er altfor, altfor mykje

 

Foto: Synne Dahl

Relaterte saker

Statsbudsjettet 2025: FuPs høringsinnspill
21.10.2024

Oljefondet må ut av selskaper som støtter opp om den israelske okkupasjon
02.10.2024

1. mai for Palestina
05.05.2024