I sommar var det 12 år sidan det palestinske sivilsamfunnet ba det internasjonale samfunnet boikotte, deinvestere og sanksjonere Israel. Vi markerer 12 viktige år med å trekke fram 12 viktige sigrar.
9. juli 2005 gjekk over 170 palestinske sivilsamfunnsgrupper saman om tre krav:
1. Ein slutt på den israelske militærokkupasjonen av Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem og riving av den israelske muren.
2. Ein slutt på det institusjonaliserte og legaliserte systemet med rasistisk diskriminering av palestinarar med israelske statsborgarskap.
3. At palestinske flyktningar sin rett til retur vert respektert.
Inspirert av den sør-afrikanske rørsla mot apartheid og den amerikanske borgarrettsrørsla oppfordrar dei difor det internasjonale samfunnet til å boikotte, deinvestere frå og sanksjonere Israel (gjerne forkorta BDS). Gjennom å boikotte og trekke seg ut frå institusjonelt samarbeid innan akademia, kultur, økonomi og sport og gjennom å iverksette effektive sanksjonar mot Israel vil ein presse landet til å følge følge folkeretten og handheve menneskerettane.
Eit vell av internasjonale aktørar, organisasjonar, fagforeiningar og politikarar har støtta opp om BDS og har lukkast legge viktig press på Israel. Her er 12 viktige sigrar frå dei 12 første åra: