MENY

Reis til Palestina!

Fellesutvalget for Palestina kjem til å arrangere studietur til Palestina og Israel våren 2018. Om det er for lenge å vente for deg er det fleire alternativ i sommar og haust. 

Den beste måten å gjere seg kjend med Israel og Palestina er å reise dit og møte folka som lever der. Sjølv om Fellesutvalget for Palestina ikkje arrangerer studietur hausten 2018 er det fleire gode alternativ dersom du er reiselysten. Palestinakomiteen i Norge og al-Quds reisebyrå arrangerer tilsaman tre turar, ein for dei som er interessert i det militære rettssystemet, ein for dei som vil lære om palestinsk motstandskamp og ein for dei som vil lære meir om fagrørsla i Palestina.

For den vidarekomne: 7.-14. oktober er det studietur til Vestbreidda med fokus på palestinsk motstandskamp
Arrangør: Al Quds reisebyrå

Det er tredve år sidan den første palestinske intifadaen begynte å gry i ein flyktningeleir i Gaza. Sidan den gong har palestinske aktivistar, fagforeiningsfolk, bønder, fiskarar, hackarar, rappere, menn, kvinner, unge og gamle prøvd å få slutt på den israelske okkupasjonen av Palestina. Den motstandskampen er tema på denne studieturen som tek deg med til Nasaret, Jerusalem, Ramallah, Taybeh, Betlehem, Qalqiliya og Hebron. Reiseleiar er Ingeborg Moa. Har du spørsmål om turen kan du ta kontakt med Moa på ingeborg.moa@gmail.com eller 959 24 503. Meir om programmet her. 

Prisen er 17 950 kroner.
Påmelding til Marianne Voss på marianne@alquds.no

For førstegangsreisande: 14. – 22.oktober er det studietur til Vestbreidda med fokus på det militære rettsvesenet
Arrangør: Palestinakomiteen i Norge

Turen gjev eit første møte med okkupasjonen og korleis det påverkar dei som lever under den. Turen går til Hebron, Betlehem, Jeriko med Jordandalen, Ramallah og Jerusalem. I tillegg ser ein særleg på det militære rettssystemet si tyding: Korleis fungerer det, korleis foregår etterretning og korleis vert systemet brukt for å rettferdiggjere konfiskering, kolonisering, tvangsflytting, segregering og diskriminering. Meir om programmet her. 

Prisen er 16 000 kroner.
Påmelding til Eldbjørg Holte på eldbjorgholte@gmail.com eller mobil 48212214.

For fagrørsla: 4.-12. november arrangerer fagleg utval i Palestinakomiteen tur til Vestbreidda

Turen gjev norske arbeidsfolk høve til å møte palestinske arbeidskameratar for å lære meir om betingelsane for fagleg kamp i eit okkupert land, om vilkær for lønna arbeid, arbeidstid og faglege rettar. Meir om programmet her. 

For meir informasjon ta kontakt med Kjersti Nordby på kjer-n@online.no  eller 99579818.

 

Relaterte saker

Dansk pensjonsfond trekk seg ut av fire okkupasjonsselskap
16.10.2017

Regjeringa opprettheld kutt i Palestina-støtta
12.10.2017

Israel fordriv palestinarar frå Jerusalem
25.08.2017